06/10/2025
Lie Landbruk AS vart starta i 2000 og vidareutvikla til aksjeselskap i 2022. Vi arbeider med taktekking av bustadar, driftsbygningar, garasjar, fjøs, betongtak, terrassar og ulike membransystem – og med steinfresing og planering for jordbruk, tomter, utbygging og industri.
Vi bistår og med gjødselkøyring, pløying, harving og anna arbeid innan landbruk. Med over 20 år i drift har vi bygd opp god erfaring frå mange ulike prosjekt – og lagt ned mange timar på både tak og mark.
No ønskjer vi å feste oss endå sterkare i lokalmiljøet – som ein trygg aktør for både bønder, bedrifter og privatfolk som treng hjelp. Vi har og fått på plass eiga nettside, www.lie-landbruk.no, der du finn ei god oversikt over tenestene våre.
Vi set stor pris på om du likar sida og deler innlegget. Takk!