13/03/2024
Hordaland Rørteknikk AS utfører for tida røyrleggjararbeid til nytt vassbehandlingsanlegg på Espeland. Dette prosjektet, utført på oppdrag frå Veidekke og med Bergen kommune som byggherre, er eit omfattande prosjekt for å oppgradera og utvide vatn- og avløpsinfrastrukturen i området.
Prosjektet inneber installasjon av ulike typar røyr til over- og spillvatn samt forsyning av råvatn til det nye reinseanlegget. Detaljar om hovudkomponentane i prosjektet er som følgjer:
• Betongrør for over- og spillvatn: Det skal leggjast betongrøyr i forskjellige dimensjonar (600 mm, 800 mm og 1000 mm) for å handtere over- og spillvatn på ein effektiv måte.
• PE-røyr for overvatn: For å gjera handteringa av overvatnet enno betre blir det installert 710 mm polyetylen (PE) rør.
• Vassleidning: Ei ny råvassleidning med ein diameter på DN 800, laga av duktilt støypejern, vil bli installert. Denne kjem med tilhøyrande ventilar og bend for optimal funksjonalitet.
• Kummar: Prosjektet inkluderer installasjon av ei rekkje spillvass-, overvass- og sandfangskummar. Desse kjem med røyr i mindre dimensjonar, frå 90 mm til 500 mm.
• Botnleidningar i nye bygg: I tillegg til dei eksterne arbeida, omfattar prosjektet installasjon av botnleidningar i nybygg for vassbehandlingsanlegg
Hovudmåla med dette prosjektet er å:
• Sikre ei framtidig, påliteleg forsyning av vatn gjennom dei nye leidningane
Ved å levere robuste og haldbare materialar og system, bidreg Hordaland Rørteknikk AS til eit solid røyrleidningsnett for vasstilførsel i Bergen kommune.