07/02/2026
Frå hyperventilering til ro 🧘♀️
Kvart år har eg tatt utandørs livreddningskurs i sjø pga jobb. Delen med å symje ut ei viss lengde og tilbake har vore absolutt min nemesis. Pusten har tatt overhand og det har vore ein kamp for å klare å holde hovudet over vatnet.
Mitt mål var å klare å kontrollere dette. Så eg begynte med å avslutte kvar dusj med kaldt vatn, og øve på å bruke pusten på å roe meg sjølv i kulden.
Jobben som er gjort med små grep over lengre tid gjer at eg kan vere med på opplevingar som i dag - isbading saman med fantastiske folk 🥶🙏🏻🧘♀️
(Takk til du som fekk det med på kamera)