Sea Tug As

Sea Tug As Slep, buksering, lekter, kranlekter, mobilkran, og transport.

Denne veka har vi vært i oppdrag for Mesta. Dei har brukt vår kranlekter "Polar Vest" til å bygge ein dykdalb, som no va...
27/08/2026

Denne veka har vi vært i oppdrag for Mesta. Dei har brukt vår kranlekter "Polar Vest" til å bygge ein dykdalb, som no var klar til sjøsetting på Mausund fergekai. Denne er 25 meter høg frå topp til botn, samt noko omfangsrik med skråstag og tverr-rør. Vekta var heile 25 tonn. Vi gjekk inn med kranlekteren "Sjøgang" og mobilkran. I rolig og kontrollert operasjon fekk vi sjøsatt konstruksjonen. Dagen etter var alle fergeanløp mellom kl 8 og 14 kansellert. I dette tidsrommet posisjonerte vi lekter, og senka dykdalben ned til fast fjell. Dykkerar frå G.Øye AS hadde forberedt forskaling og feste-punkt. Dei assisterte senkinga, og festa dykdalben straks den var nede. Takka vere god planlegging frå Mesta, og alle involverte, vart operasjonen gjennomført med god margin, og ferga kunne gå som normalt innan kl 14. Vi takkar for oppdraget!

Vedlikehold på TB Daafjord med akseltrekk og grundig gjennomgang. Heftig propell på 8 meter slepebåt!
21/08/2026

Vedlikehold på TB Daafjord med akseltrekk og grundig gjennomgang. Heftig propell på 8 meter slepebåt!

Vi gjennomfører grabbing av stein, fortøyningar, materialar og eventuelt avfall som ligg på sjøbotnen. 0-40 meter djup e...
26/06/2026

Vi gjennomfører grabbing av stein, fortøyningar, materialar og eventuelt avfall som ligg på sjøbotnen. 0-40 meter djup er inga sak med mobilkran der førar kan sjå kva som skjer under vatn.

Mykje er sagt og skrive om Stad Skipstunnel. Denne helga har signifikant bølgehøgd rundt Stadt vært oppe i 2,9 meter, no...
15/06/2026

Mykje er sagt og skrive om Stad Skipstunnel. Denne helga har signifikant bølgehøgd rundt Stadt vært oppe i 2,9 meter, noko som gir maksimal bølgehøgd opp mot 4,5 meter. Det seier seg sjølv at det ikkje er forsvarleg å ta slep i slike forhold. Vi hadde planlagt eit transportoppdrag på lekter, men vart dermed værfast i to døgn. Ikkje anna å vente med 8 meter slepebåt? Liam og Daafjord er testa i slik sjø, og klarar seg godt. Dette er båtar som stikk 3 meter under vatn, og er slingrar langt mindre enn ein skulle tru. Det er ikkje båtane som setter grensa, men dei aller fleste kyst-slep med lekterar, foringsflåtar, ringar eller båtar, har ei grense på 1,8 - 2,0 meter signifikant bølgehøgd. Dette blir satt av forsikringsselskap og surveyorar, og er ikkje berre ei intern grense hos oss. Sikkerheit for mannskap og utstyr har førsteprioritet, og forholda rundt Stadt er kjent for å endre seg raskt. Kryssande bølger, bølgeperiode, straumforhold og retning endrar seg raskt, og det er mange timar mellom skjerma farvatn når ein først er utpå. Stad Skipstunnel er ikkje berre for større båtar som hurtigruta. Vi har tusenvis av mindre arbeidsbåtar og fiskebåtar som går opp og ned langs kysten. Ikkje minst alle service-fartøya, som har daglege kryssingar av Stadten. Vi føler at alle desse fartøya blir litt gløymt i argumentasjonen mot å bygge tunnelen. Vår påstand er at alle rederi som driv båtar langs kysten er påvirka av Stadt, og antall timar venting på bedre forhold, er ufattelig mange. Tunnelen vil umiddelbart gi oss større sikkerheit, forutsigbar logistikk, og ein enklare kvardag for nær sagt alle som ferdast langs kysten. Ein ting er sikkert, Sea Tug As vil nytte Stad Skipstunnel så snart den er ferdig!

Mykje aktivitet for tida, her litt bilder frå eit oppdrag hos Rosenlund på Sandsøy. Peling av stålsøyler til pubkaia. Fe...
13/06/2026

Mykje aktivitet for tida, her litt bilder frå eit oppdrag hos Rosenlund på Sandsøy. Peling av stålsøyler til pubkaia. Fekk også testa grabben ved å plukke opp eit to-tonns lodd for å skifte tau til bøya.

Mobilkrana har vært i arbeid sidan vi fekk den. No vart det ei lita pause mens lekteren "Sjøgang" skal på eit anna oppdr...
11/05/2026

Mobilkrana har vært i arbeid sidan vi fekk den. No vart det ei lita pause mens lekteren "Sjøgang" skal på eit anna oppdrag. Då fekk vi testa våre nye kjørebruer, noko som gjer på - og avkjøring relativt enkelt. 54 tonn mobilkran trygt på land 👍

01/05/2026
Dei siste dagane har vi i samarbeid med Møre Miljøsanering og Otterdal Vatne As demontert den gamle kaia på Kvalsund ham...
28/04/2026

Dei siste dagane har vi i samarbeid med Møre Miljøsanering og Otterdal Vatne As demontert den gamle kaia på Kvalsund hamn. Kaia er saga opp i passande bitar, og løfta ombord vår lekter. Vi tar last opp mot 300 tonn, samtidig som kranoperasjon kan foregå. Bilder er tatt når vi løfta opp søylene til kaia. Kvar av dei har ei vekt opp mot 20 tonn.

Vi gledar oss på vegne av Green Yard Kleven som no startar på jobben med nybygget!
18/04/2026

Vi gledar oss på vegne av Green Yard Kleven som no startar på jobben med nybygget!

Dette er en viktig milepæl for Green Yard Kleven sitt prosjekt B404! Skroget til skipet ankom i dag Ulsteinvik i henhold til planen. Verftet er godt forberedt og klare for videre utrustning av det avanserte skipet. Første del av prosjektet ble gjennomført i samarbeid med Montex Shipyard i Gdansk. Slepet ble utført av Farmar. Neste fase utføres ved Green Yard Kleven i samarbeid med viktige underleverandører som Marin Teknikk, Norwegian Electric Systems , ACEL Group, Vestnes Ocean og Kongsberg Gruppen, samt selvfølgelig alle de dyktige ansatte og underleverandørene ved verftet.



This marks an important milestone for Green Yard Kleven’s project B404. The vessel’s hull arrived in Ulsteinvik today in accordance with the plan. The yard is well prepared and ready to proceed with the outfitting of the advanced vessel. The first phase of the project was carried out in collaboration with Montex in Gdansk. Towing operation was done by Farmar. The next phase will be executed at Green Yard Kleven in cooperation with key subcontractors such as Marin Teknikk, ACEL, Vestnes Ocean, NES and Kongsberg, as well as the yard’s skilled workforce, suppliers and subcontractors.





For additional info, contact: CEO, Hans Jørgen Fedog

Adresse

Ulsteinvik
6065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sea Tug As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del