Og ideen og tankane kom fram i 2011 av foreldra. Sidan den gong har det gått med mange frivillige timar. Myratoppen er planlagt ferdig i løpet av april 2016..
Målsettinga er at denne 4-mannsboligen skal bli ein rimeleg og god heim, ferdig individuell tilpassa til kvar enkelt som skal bu der. Saman med ungdommane har foreldregruppa vore "Primus motor" for dette prosjektet. Vi vil takke alle som h
ar vore positiv til prosjektet. Takk til politikarar i Vestnes Kommune som var positiv til å selge eigendomen, og forsto kva me holdt på med. Ein spesiell takk til husbank-kontakt i Vestnes Kommune Hilde Rekdal og Randi Selset frå Husbanken. Desse to har under planleggingsprosessen alltid vore hjelpsam, blid og engasjert. I tillegg takk til Ørskog Sparebank v/ June som hadde trua på prosjektet vårt. Utgangspunktet var ein gamal hjelpepleieskole på totalt er 400 kvm som skal fullrenoverast etter husbanken sin standard Tek 10. Til dette renoveringsarbeidet brukar vi lokale firma som vi veit har kvalitet på arbeidet, Av desse kan vi nemne Br.Honningdal, Rør og Montering, Total Elektro, som vi meiner har konkurransedyktig priser og i tillegg har «stolthet for faget» dei utfører, og god service. LEILIGHETENE OG FELLESAREAL
Sjølve leilegheitene vil bli på ca 60 kvm. kvar og vil få eit fellesareal 160kvm til saman. I tillegg til gangareal, blir det 4 inneboder og eit fellesareal med tv-stue/møteplass med kjøkkenkrok, ekstra soverom, toalett og dusj. Her kan ein møte kvarandre, ha det sosialt eller arrangere selskapeligheter. Det er også mulighet for aktivitetsrom i loftetasjen. Det også planlagt 4 uteboder med carport. Vi gler oss alle saman til Myratoppen blir ferdigstilt og innflyttingsklart i april 2016.