Otterdal Vatne As

Otterdal Vatne As •Betongsaging •Kjerneboring • Wiresaging i fjell og betong •Riving,pigging og meisling
•Alt innen Graving og Muring

03/07/2026

Visste du at betong kan sagast under vatn? Med wiresaging får vi reine og presise kutt, sjølv der tilkomsten er krevande. Dette er eit av prosjekta vår under vann. 🌊

Då står ein velfortent sommarferie for tur etter ei utruleg hektisk periode – noko vi sjølvsagt set stor pris på!🥳Den si...
03/07/2026

Då står ein velfortent sommarferie for tur etter ei utruleg hektisk periode – noko vi sjølvsagt set stor pris på!🥳

Den siste tida har vi blant anna vore på reisejobb for betongsaging på Dam Moldevatn, før turen gjekk heim att til betongsaging av fasade på Ørsta Torg – alltid ekstra stas når vi får vise oss fram på heimebane! 💪

Vi har også revet ein pir på Hellesylt ferjekai i godt samarbeid med K. Nordang og OE Hagen - Her har vi også wiresaga under vatn

Mellom reisejobbar, lokale prosjekt og mange timar på vegen har det rett og slett blitt litt lite tid til Facebook. Kameraet har heldigvis vore med, så her kjem eit lite tilbakeblikk på noko av det vi har halde på med den siste tida. 📸

Ein stor takk til alle kundar og samarbeidspartnarar som viser oss tillit og gir oss spennande oppdrag. Det set vi stor pris på!

Då ønskjer vi alle kundar, samarbeidspartnarar, venner og følgjarar ein riktig god sommar! Nyt ferien, lad batteria og ta vare på kvarandre – så er vi klare for nye oppdrag etter ferien. 😎🚧☀️

I samarbeid med Møre Miljøsanering har vi gjennomført vårt første prosjekt innan riving av kai – og det har gått unna.Im...
30/04/2026

I samarbeid med Møre Miljøsanering har vi gjennomført vårt første prosjekt innan riving av kai – og det har gått unna.

Imponerande framdrift frå start til slutt, takka vere god planlegging, effektiv gjennomføring og tett samarbeid.

Her har vi og brukt wiresag for presis og kontrollert riving, før dei massive betongkonstruksjonane vart krana om bord på lekter i samarbeid med Sea Tug As

Sterk leveranse frå dei involverte – vi er klare for meir 💪

Vi i Otterdal Vatne AS vil ønske alle samarbeidspartnarar og følgara God Påske! 🐣😎☀️Det har vore mykje kjekke og variert...
30/03/2026

Vi i Otterdal Vatne AS vil ønske alle samarbeidspartnarar og følgara God Påske! 🐣😎☀️

Det har vore mykje kjekke og varierte oppdrag i det siste – her er nokre bilde frå kvardagen vår 💪

No tek vi oss ein velfortjent påskeferie, for å ladde batteria til nye spennande prosjekt som ventar etter påske 🤩🤝💯


Litt bilder frå nokre av jobbane vi har hatt i det siste 😎⚙️Det går i betongsaging, kjerneboring og riving fortida - og ...
06/03/2026

Litt bilder frå nokre av jobbane vi har hatt i det siste 😎⚙️

Det går i betongsaging, kjerneboring og riving fortida - og både minigravaren og dagane flyg avgårde!

Vi har også hatt besøk av Husqvarna Construction for igangkjøring av ny wiresag. Ei kraftig og fleksibel løysing som gjer det mogleg å sage gjennom svært tjukke konstruksjonar – noko som gjer den spesielt godt eigna til riving av fergekaier, større fundament og andre tunge konstruksjonar.

Spanande tider framover – det likar vi!

God helg 💥

Vi er godt i gang med 2026 💥Den siste tida har vi mellom anna utført:– Betongsaging av ulike utsparingar– Ombyggingsarbe...
13/01/2026

Vi er godt i gang med 2026 💥

Den siste tida har vi mellom anna utført:
– Betongsaging av ulike utsparingar
– Ombyggingsarbeid i fjøs og næringsbygg
– Betongarbeid
– Sliping av betonggulv
– Kjerneboring

Vi set stor pris på alle oppdrag, store som små, og ser fram til resten av året 🤩

📧 [email protected]
📞 978 63 980

Adresse

Myra 30
Ørsta
6156

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Otterdal Vatne As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Otterdal Vatne As:

Snarveier

Del