15/10/2026
Ta elsjekken heime i dag!⚡
No går me inn i den kalde og mørke tida der oppvarming, baking og julebelysning gjer at det elektriske anlegget får ein auka belastning i forhold til sommarhalvåret.
Difor set me fokus på elsikkerheit, slik at me saman kan redusere faren for brannar starta i den elektriske installasjonen.
Då folk tok elsjekken i fjor, viste det seg at:
🔥 over 2 000 fann teikn på varmgang i støpsel eller stikkontaktar
🍳 seks av ti mangla komfyrvakt
🚗 éin av ti lada elbilen i vanleg stikkontakt
I dag er det elsikkerheitsdagen. Set av fem minutt og ta elsjekken på www.elsikkerhetsdagen.no 👈
Fann du noko som ikkje ser rett ut, eller er du usikker? Kontakt oss for ei befaring. Me ser over anlegget ditt og utbetrar det som trengst, så du kan kjenne på auka tryggleik i møte med vinteren 😊