Helse Vest IKT

Helse Vest IKT Helse Vest IKT bryr oss om personvernet. Hugs å ikkje publisere innhald med sensitiv informasjon. Ver varsam med kva du deler!

Det er alltid ein risiko for at personopplysingar som kjem på avvege kan bli misbrukt. Ikkje del noko som kan gje ut informasjon om deg og dine. Info om kva Facebook og Meta bruker informasjonen din til finn du her: https://www.facebook.com/privacy/policy

-Sjukehusa tek aldri ferie, og det gjer ikkje vi på Datakommunikasjon heller, fortel teamleiar Asle Haugland Bøyum. 👩‍⚕️...
18/07/2025

-Sjukehusa tek aldri ferie, og det gjer ikkje vi på Datakommunikasjon heller, fortel teamleiar Asle Haugland Bøyum. 👩‍⚕️ 🖥️ ⏱️

Saman med kollegaene sine sørger han for at PC-ar og serverar på sjukehusa i Helse Vest kan snakke saman. Kort fortalt – dei binder sjukehusa saman! 🏥🖥️ 🏥 🖥️

Men sjølv om det er juli, betyr det ikkje at arbeidsmengda til Asle og dei andre minkar. -Vi brukar sommaren på å førebu endringar som skal komme til hausten. Vi er òg færre personar på jobb, noko som gjer at vi får fleire oppgåver å bryne oss på enn til vanleg. Det gir oss variasjon i arbeidet. 🤓 👌

Heldigvis er ikkje alt berre jobb-jobb-jobb i juli. - Om vi er heldige, kan det hende ein leiar stikk nedom butikken for å kjøpe inn is til oss, avsluttar Asle. Då bør det helst vere over tjue grader ute! 🌞 🌡️ 🍧

Haukeland universitetssjukehus Helse Førde Helse Fonna Haraldsplass diakonale sykehus

– Det er mange sommarvikarar som ringer inn, og det går mykje i gløymde passord, tilgangar og hjelp med Teams og Microso...
04/07/2025

– Det er mange sommarvikarar som ringer inn, og det går mykje i gløymde passord, tilgangar og hjelp med Teams og Microsoft 365. Vi er klare til å hjelpe – uansett kva det gjeld! 😇 ❣️

Medan andre nyt late dagar på ferie, er Michael Dahlstrøm ein av dei som held hjula i gang på Helse Vest IKT sitt Kundesenter. Dei skal handtere ulike tekniske problem som kan oppstå på sjukehusa i regionen, 24/7, heile sommaren. Litt av eit ansvar! 🤔 🤓

Heldigvis står ikkje Kundesenteret åleine: – Vi jobbar tett med driftsvaktene i Helse Vest IKT. Dei kan løyse større og mindre avvik på system, og er òg på jobb døgnet rundt heile sommaren. Det gir tryggleik å vite at dei alltid er klare til å ta ting vidare, seier Michael. 💯 🙌

Og sjølv om han trivst med å vere på jobb på regnfulle sommardagar, gler han seg til litt fri: 🌧️ ☂️

– Eg kjenner det ekstra godt dei dagane sola faktisk skin her i Bergen. Då skulle eg gjerne ha vore ute! Men vi kryssar fingrane for litt finvêr etter kvart – det har vi fortent. 🌞 🙏

Haukeland universitetssjukehus Helse Fonna Helse Førde Haraldsplass diakonale sykehus

“Vi bidrar til å gjere pasientbehandlinga enklare.” Dette er visjonen vår i Helse Vest IKT.  I 20 år har vi gjort det vi...
06/12/2024

“Vi bidrar til å gjere pasientbehandlinga enklare.” Dette er visjonen vår i Helse Vest IKT. I 20 år har vi gjort det vi kan for å leve opp til denne. 🩺 🩼 🔬 🏥

Den 7. desember 2004 vart Helse Vest IKT formelt registrert som eit selskap. Sidan den gong har vi vakse betydeleg. Ansvarsområda har blitt fleire og spisskompetansen sterkare – alt for å støtte sjukehusa sitt viktige oppdrag. 🤝

– På 20 år har Helse Vest IKT utvikla seg til å bli eit sterkt fagmiljø på Vestlandet. Breidda i kva vi leverer til sjukehusa er omfattande, og vi set høge krav til oss sjølv. Slik må det vere dersom vi skal levere på visjonen vår. Dagen i dag er ei viktig milepæl og ei påminning om kva vi har fått til gjennom denne tida, men også ei påminning til kvar enkelt tilsett, og framtida. For meg er det også ei feiring av det som kjem. Eg er veldig stolt og takksam, seier Ole Jørgen Kirkeluten, vår administrerande direktør. ✨ 💡 🙏

Les meir ved å gå inn på helse-vest-ikt.no

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og t...
25/09/2024

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og tryggare verd for pasientar og tilsette i sjukehusa. I dag jobbar Agnete som UX-designar i Helse Vest IKT.

- Når vi lukkast med å lage gode brukaropplevingar i det vi leverer, har det stor verdi for alle dei som jobbar i sjukehusa, som skal ta vare på oss når vi, eller dei vi er glade i, blir sjuke og treng helsehjelp.

Les meir om dette og korleis Helse Vest IKT skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest på nettsidene våre.🚑🏥👩🏽‍💻❤️‍🩹

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og tryggare verd for pasientar og tilsette i sjukehusa. Difor jobbar ho som UX-designar i Helse Vest IKT.

23/09/2024

– Effektive løysingar er nøkkelen til ein lettare kvardag for helsepersonellet på sjukehusa, seier Mads Holger Nergård. Han jobbar på Helse Vest IKT sitt kundemottak i Bergen, og har, saman med kollegaene sine, ansvaret for det meste av sluttbrukarutstyret på sjukehusa i Helse Vest.

For tida jobbar han med ein Klikk-og-hent-pilot for utlevering av IKT-utstyr. Eit skap er allereie blitt plassert i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, og fungerer i stor grad som ein pakkeautomat – brukaren får tilsendt ein kode, og kan så hente utstyrsbestillinga si direkte i skapet.

Mads gler seg til systemet kjem på plass i heile Helse Bergen.

– Då slepp brukarane å ta turen innom kundemottaket, seier han. Det å gjere ting lettast mogleg for brukarane, er det viktigaste eg har lært meg her i Helse Vest IKT.

Meir om korleis vi skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, kan du lese om på nettsidene våre. Ta ein tur innom, for akkurat no har vi fleire ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Søknadsfristen er 30. september.

– Vi kastar ikkje bort tida her i Helse Vest IKT, og kvar einaste dag gjer vi noko som bringer helse-Noreg nokre steg vi...
10/09/2024

– Vi kastar ikkje bort tida her i Helse Vest IKT, og kvar einaste dag gjer vi noko som bringer helse-Noreg nokre steg vidare inn i framtida. Vi er langt framme i skoa når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, og journalsystemet DIPS har vore i frontlinja på fleire store prosjekt dei siste åra.

Mona Knarvik jobbar med den tekniske forvaltninga av DIPS Arena, journalsystemet som sørger for at helsepersonell alltid har tilgang på oppdatert informasjon om pasientane. 👩‍⚕️💻💪

Dette, og meir om korleis vi skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, kan du lese om på karrieresidene våre. Ta ein tur innom, for akkurat no har vi fleire ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Søknadsfristen er 30. september.

Hos oss kan du bli del av eit innovativt teknologimiljø som jobbar for å betre pasientbehandlinga gjennom nye IKT-løysingar.

-Det er superspanande å sjå korleis systema våre fungerer, og korleis vi kan påverke utviklinga av systema slik at dei b...
10/05/2024

-Det er superspanande å sjå korleis systema våre fungerer, og korleis vi kan påverke utviklinga av systema slik at dei blir meir brukarvenlege, seier Solange Francisca Leon. Ho er IKT-konsulent i Helse Vest IKT. 👩‍💻

Ni års erfaring frå IT-bransjen, innan teknisk support og som faktura- og fagkonsulent, gjorde vegen til Helse Vest IKT kort for Solange. 👌

-Det var skummelt å gå frå ein fast jobb til ein 12-månaders avtale, men eg er veldig glad for at eg gjorde det, seier Solange Morales.

Som IKT-konsulent på Kundesenteret, sit ho saman med sine dyktige kollegaer og tek imot innkomne saker 24/7 frå heile Helse Vest.
Solange og to andre hjelper helsepersonell som har tekniske problem med LIBRA, eit program som blir brukt av sjukehusa til å bestille varer og tenester. 🎧 🛒 🙋‍♀️ 👨‍⚕️

Solange elskar å snakke med folk, og hovudmotivasjonen hennar er å finne løysingar på problemstillingane innringarane kjem med. Etter fire månader hos i jobben, har ho allereie tileigna seg mykje kunnskap, og ho ser fram til å lære seg endå meir i tida framover. 🗨 🔎 🤩

-Det er nye utfordringar heile tida, ein lærer noko nytt kvar dag. Det beste av alt er å avslutte ein samtale med ein glad og takksam person i andre enden av linja. 🤝 🙌

Haukeland universitetssjukehus Helse Førde Helse Fonna

I tråd med trenden elles i samfunnet er det no mange legar som ynskjer å ta i bruk kunstig intelligens i det kliniske ar...
11/03/2024

I tråd med trenden elles i samfunnet er det no mange legar som ynskjer å ta i bruk kunstig intelligens i det kliniske arbeidet.

– Når ein introduserer nye digitale løysingar i eit allereie komplekst IKT-miljø, må ein sjå på både heilskap og konsekvensar, seier Nils Petter Tveranger. Han er verksemdsarkitekt, og hjelper helseføretaka med å omsette behova deira til nyttige digitale løysingar.

I rolla som verksemdsarkitekt skal han sjå på korleis KI-løysingar kan takast i bruk på ein måte som er trygg, både for pasientar og helsearbeidarar. 🚑👩‍⚕️🏥💻🥰

Om du òg vil bli med og skape framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, så bør du sjå her: https://www.helse-vest-ikt.no/sok-jobb-hos-oss/ Vi har ei rekke ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Frist for å søke er 17. mars. https://www.helse-vest-ikt.no/sok-jobb-hos-oss/mot-tilsette/torer-vi-bruke-kunstig-intelligens-i-pasientbehandling/

I tråd med trenden elles i samfunnet er det no mange legar som ynskjer å ta i bruk kunstig intelligens i det kliniske arbeidet. Nils Petter Tveranger er verksemdsarkitekt, og hjelper helseføretaka med å omsette behova deira til nyttige digitale løysingar.

Visste du at 25 % av kvinner inntil nyleg ikkje stilte til mammografi? Dette har Helse Bergen og dei andre sjukehusa i H...
08/03/2024

Visste du at 25 % av kvinner inntil nyleg ikkje stilte til mammografi? Dette har Helse Bergen og dei andre sjukehusa i Helse Vest valt å gjere noko med!
👇 🙌 ❤️

Er du kvinne i aldersgruppa 50-69 år vil du få invitasjonsbrev til screeningtime for mammografi om lag fire veker før oppsett time. Systemet som i dag blir nytta, støttar ikkje SMS-varsling. Du vil derfor ikkje få påminningar når det nærmar seg reservert tid. Omlag 25 % av kvinnene som blir inviterte til mammografiscreening har til no ikkje møtt til tildelt screeningtime nasjonalt. Dei fleste som ikkje møte gir ikkje beskjed. 25 % som ikkje møte svarer til ca. 200 undersøkingar i veka ved HBE. Og ikkje minst, - dette kan ha alvorlege konsekvensar for enkelte av desse kvinnene som ikkje veit at dei er sjuke. 🏥 🙅‍♀️

Dette har Helse Bergen, i samarbeid med Helse Vest IKT no prøvd å gjere noko med: I januar 2024 vart det etablert ei løysing med påminnings-SMS til kvinner som har fått reservert tid til mammografiscreening. 📲

-Vi veit at det å screene for brystkreft er nyttig, det reduserer dødelegheita ved brystkreft. Derfor ønskjer vi å auke oppmøtet. Kvinner som har vorte inviterte mange gonger tidlegare, møter endeleg opp. Og dei kontakter oss om timen ikkje passar, og ber om ein ny time. Så vi har ei oppleving av at dette verkeleg nytter, fortel Hildegunn Siv Aase, senterleiar og overlege ved Brystdiagnostisk senter på Radiologisk avdeling, Helse Bergen.

Dei har veldig tru på mammografiprogrammet, men ønskjer å vidareutvikla det, med bruk av mellom anna kunstig intelligens (KI).

-I dag er det alltid to legar som tyder alle bileta. I framtida bør vi innføre ei meir persontilpassa screening. Studiar av KI har vist lovande resultat; KI kan kategorisere mammografibileta til låg eller høgare risiko for brystkreft. Vi kan då vri ressursbruk over til ein meir persontilpassa screeningmetode for kvinner med høgast risiko for brystkreft. Ved å ta i bruk KI kan vi også sjå for oss at det blir enklare å utvida aldersgruppene i screening til også å omfatte kvinner i alder 70-74 år og 45-50 år. Dette tilrår ekspertgruppene i WHO og EU. I mange andre europeiske land er dette tilbodet allereie på plass, avsluttar Hildegunn Siv Aase.

Kreftregisteret planlegg å lansere ei forbetra nasjonal løysing i løpet av 2027. I påvente av dette har Helse Vest innført ei mellombels regional løysing for påminnings-SMS, sidan dette gir god effekt på oppmøte andre stader.

-Så snart Kreftregisteret er klar med ei nasjonal SMS-løysing vil Helse vest også nytta denne. I mellomtida vil Helse Vest dele erfaringane med Kreftregisteret og dei andre helseregionane, fortel Mariann Garcia Fernandez, integrasjonsarkitekt i Helse Vest IKT.



Bilete til venstre med Hildegunn Siv Aase og Mariann Fernandez. Bilete til høgre viser eit kvinnebryst med kreft.

– Den tydelege forpliktinga vi har til å fremje kvalitetstenester for helsetenesta er det som inspirerer meg mest i kvar...
04/03/2024

– Den tydelege forpliktinga vi har til å fremje kvalitetstenester for helsetenesta er det som inspirerer meg mest i kvardagen. Og så kollegaer, då! Eg har ufatteleg mange høve til å utvikle meg fagleg, alltid med god støtte frå leiarar, seier Linn Venås frå seksjon Utvikling i Helse Vest IKT. 🧑‍💻🚑❤️

Om du òg vil bli med og skape framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, så bør du følgje med no. Vi har ei rekke ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Frist for å søke er 17. mars.

Har du lyst å vere med å forme morgondagen sine IKT-løysingar? Vi er ein del av ei banebrytande bransje som går ei spanande tid i møte.

Tenk deg at du jobbar på akuttmottaket. Det er travelt med mange innkomne pasientar, og du har ikkje tilgang til alle he...
17/11/2023

Tenk deg at du jobbar på akuttmottaket. Det er travelt med mange innkomne pasientar, og du har ikkje tilgang til alle helseopplysningane i journalen. Du veit ikkje kva behandlingar pasientane har fått på sjukehuset tidlegare, eller kva allergiar pasienten kan ha. Mykje tid i dag blir brukt til å skaffe seg desse opplysningane. ⏱ 🏥 🔍

Heldigvis er dette eit scenario som snart høyrer fortida til. No skal fastlegane lettare kunne gi oss pasientar ei tryggare og meir effektiv behandling når vi er på vårt mest sårbare. Frå 21. november vil pasientane sine journaldokument frå alle sjukehus i Helse Vest vere tilgjengeleg via pasienten sin kjernejournal. 📄 🙌

I første runde vil berre fastlegar ha tilgang til å opne og lese journaldokument for pasientane sine. Men etter kvart vil òg andre grupper av helsepersonell få tilgang, som helsepersonell på sjukehus og dei kommunale legevaktene. 👨‍⚕️ 👩‍⚕️

Er du bekymra for kven som kan lese journalen din? Det som er så bra med den nye ordninga er at den hindrar uvedkomande frå å få tilgang til sensitiv informasjon. Berre relevante behandlarar skal ha tilgang til informasjonen din, og må grunngje kvifor dei vil opne journalen. I tillegg vil du sjølv kunne sjå elektroniske spor og heile tida sjå namna på dei som har logga seg inn i journalen din. 🤓

Vil du vite meir om kven som har tilgang til kjernejournalen din og korleis du kan avgrense kven som får tilgang? Sjekk ut https://www.helsenorge.no/kjernejournal/om/

Adresse

Bjørnsons Gate 29
Bergen
5052

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helse Vest IKT legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Helse Vest IKT:

Del