Klyvvikje

Ring Veibeskrivelse

Klyvvikje Klyvvikje er ein gard på Olsnes, ved Bruvik i Osterøy kommune. Me er ein familie på seks personar, som held på å bygga opp ein aktivitetsgard.

🦅 Eit uventa møte med skogens jeger!For nokre veker sidan hadde ein hønsehauk klart å kome seg inn til moskusendene våre...
10/10/2026

🦅 Eit uventa møte med skogens jeger!

For nokre veker sidan hadde ein hønsehauk klart å kome seg inn til moskusendene våre. Både rundt plassen til moskusendene, og over dei har me not for å holda dei i sikkerhet. Men då hønsahauken skulle ut att, vart han hengande fast i nota.

Heldigvis oppdaga Eivinn han i tide! Med sveisehanskar på fekk han forsiktig laus den flotte rovfuglen🧤🦅

Me er glade for at det enda godt, og at hønsehauken fekk fridomen tilbake og kunne flyge vidare. Ei slik oppleving kjem me til å huska lenge!

30/09/2026
27/09/2026

Me selger den eine setra vår🥹 (I videoen er det den største setra av dei to røde setrene som skal selgast)

Nydeleg, og sjarmerande fjellseter i eit lite hyttefelt med berre tre hytter. Den øverste, lille røde setra eig me også. Og me har fantastiske gode naboer i den andre hytta. Så me håper at nye eigarar vil bli like kjekke å ha i feltet😊

Setra har fantastisk flott utsikt mot blant anna Bruviknipa ⛰️

Årsaka til at me har valgt å selga denne setra, er at me har allerede 1 seter til, 1 hytte og ein gård å ta vare på.

På fb-sida vår Klyvvikje ligg eit lengre innlegg med meir informasjon. Pris: Bud over 600 000,- + omk.

Ta gjerne kontakt med Eivinn på 906 47 840 dersom du lura på noko(du ser Eivinn heima i tunet på slutten av denne videoen 🤣🤣)

❤️🥹Me legg no ut den vesle, sjarmerande setra vår på Bruvikdalen(Osterøy)for sal – eit ekte stykke historie, og ein fred...
25/09/2026

❤️🥹Me legg no ut den vesle, sjarmerande setra vår på Bruvikdalen(Osterøy)for sal – eit ekte stykke historie, og ein fredfull plass midt i vakker natur.
Adresse: Båtaleitshaugen 5, 5285 Bruvik

🙏Vidare i teksten fortel me om setra. Set pris på deling av dette innlegget, slek at me kan finna den rette eigaren til denne vakre setra❤️

🏠Setra har eit BRA på 32 m², opphavleg bygd i 1900, med eit lite påbygg som truleg kom rundt 1965. Alt ligg på eitt plan. Inngangsdøra fører inn til ein koseleg entré, vidare inn til stovo og lite kjøkken. I enden av stova er det dør inn til to soverom, begge med 2 etasjesenger. I tillegg står det ny sovesofa i stovo, slek at fleire kan overnatte. Alle innemøblar følgjer med.

☀️Setra har nytt 12V solcellesystem, vedomn til oppvarming og kaldt vatn i springen via 20‑liters kanner som blir kopla til. Det finst eit enkelt bad på utsidaav hytto med campingdo og vask med fotpumpe. Ute er det også vedbod med plass til ved og reiskapar.

😊Det er god mobildekning.

⛰️Utsikta frå både stovo og soverom er rett mot flotte Bruviknipa, og solforholda er gode – med nydelege solnedgangar over fjellet.

🏠Setra ligg i eit lite hyttefelt med berre tre hytter, der vi eig ei av dei andre. Det er ca. 10 minutt å gå frå parkeringsplassen til hytta, på ein fin og tydeleg sti.

🚗Avstandar og nærtjenester:
Ca. 1 time frå Bergen sentrum med bil, og ca. 35 min til Arna.

8 min frå parkeringsplassen til Bruvik sentrum – med koseleg butikk open 07–24, samt eige rom for vask/tørk av klede.

Ca. 25 min til Lonevåg – med matbutikkar, frisørar, apotek, lege, klesbutikkar m.m.

⛰️Turmoglegheiter og opplevingar:
Fantastiske turar i området: Bruviknipa, Kossdalssvingane, Rispingen, Olsnessåta – og mange fleire.
På Osterøy finn du òg flotte plassar å besøkje: Havråtunet, Den grøne fabrikken, landhandelen i Mjøsvågen, Norlender, Fjordslottet, Tøsse bryggeri – og fem vakre kyrkjer som er verdt eit besøk m.m.

😊Tomt og historikk:
Det følgjer ingen tomt med setra, då ho ligg i Olsnesgardane sitt felles fjellbeite.

🐄Artig historie: Setra vart brukt av budeiene på Olsnes som overnattingsstad når dei skulle til fjells for å mjelka kyrne om somrane. Eit lite stykke levande kulturhistorie.

🤔Kvifor vi sel:
Vi har to hytter til, og ein liten gard å ta vare på, og tida strekk ikkje til å nytta/nyta alle plassane. Difor ønskjer me at nokon andre skal få gleda av denne fine setra, i staden for at ho står ubrukt mesteparten av tida❤️

Pris:
Marknadsverdien er 600 000 kr + omk., og setra blir solgt til høgstbydande over takst.

Send gjerne melding ved interesse, og om du ønskjer visning:
😊Eivinn Revheim: 906 47 840.

03/08/2026

🚛 Frå bestilling på fredag – til levering allereie måndag! 🪵

På fredag fekk Sara bestilling på to benkar til – og allereie måndag stod dei ferdige og på plass. Det er me stolte av 👏

Sara gjer mesteparten av arbeidet sjølv, frå bygging til ferdige benkar, og pappen står alltid klar til å hjelpa til når det trengst. Og for å henta material frå 👏

Tusen takk til Lars Magne Bysheim/DEN GRØNE Fabrikken for tilliten og bestillinga! Og takk for ti**en innom den flotte kunstutstillinga, og den koselege stunda med dei fine folka som tok så godt imot oss ❤️

No står benkane klare til bruk. Anbefaler å ta turen innom DEN GRØNE Fabrikken for å oppleva kunsten, slå av ein prat med dei flotte folka som jobber der, eller nyta ei varm stund i den flytande badstova 🔥🏊🏊

Me håpar benkane blir til glede for mange i åra som kjem! 🌿

Berre til å ta kontakt med
Sara Revheim / 482 15 556 om du ønsker å kjøpa ein benk 🤗

31/07/2026

Det var visst ikkje berre geita som hadde lyst på litt brød i dag 😂🐐🦢
Svano gjorde da ganske klart at geita måtte holda litt avstand – her var det svanefamilien som meinte dei hadde førsterett på godsakene😄

😂 Fire gøymde seg – to tok VM-utfordringa! ⚽ ⭐⚽🎥 Stavanger-turen baud på mange kjekke opplevingar – og denne vesle histo...
11/07/2026

😂 Fire gøymde seg – to tok VM-utfordringa! ⚽ ⭐

⚽🎥 Stavanger-turen baud på mange kjekke opplevingar – og denne vesle historia må me berre dela…
På måndag hadde me akkurat parkert i Stavanger då to journalistar frå Stavanger Aftenblad i Stavanger kom bort til oss og ville snakka med oss om fotball-VM.
Den første reaksjonen vår? Fire av oss gøymde oss litt diskret bak dei andre! 😂 Men Eivinn og Adrian tok utfordringa og stilte sporty opp framfor kamera.
Dei spurde kva VM-låtar folk høyrde på og likte – og jammen kom dei med i eit lite klipp! 🎶⚽

Sjekk klippet her:
https://www.instagram.com/reel/DaiFj9KO2qD/?igsh=bmlhanIyNThvZDl6

Nokre stader festar seg litt ekstra i hjartet❤️I går tok me turen til Dirdalstraen GardsutsalgPlanen var eigentleg å køy...
09/07/2026

Nokre stader festar seg litt ekstra i hjartet❤️
I går tok me turen til Dirdalstraen Gardsutsalg

Planen var eigentleg å køyra vidare på ein lengre biltur, men me vart verande så lenge at me rett og slett måtte snu og setja kursen heim att til Sola.

For ein fantastisk plass – og for ei varm velkomst me fekk. Tore, eigaren sjølv, tok imot oss med eit stort smil, kledd slik ein ekte kjøpsmann. Han tok seg god tid til å prata med oss, dela historia bak staden og visa oss rundt. Me fekk sjå den flotte saunaen, utleigehyttene og den innhaldsrike gardsbutikken.

Det som gjorde aller størst inntrykk, var likevel mennesket bak. Gløden, engasjementet og den ekte gleda over det han og familien har skapt, var heilt smittande❤️

Sidan me sjølve drøymer om å utvikla noko heime på garden vår i Klyvvikje, betydde det ekstra mykje at han så rausleg delte erfaringane sine med oss. Me reiste heim att med både inspirasjon, mot og mange gode råd på vegen vidare.
Og som om ikkje det var nok, fekk me lunsj: me fekk smaka den nydelege vafla deira med heimalaga spekepølse, mykmann-ost og Kristinas gulrotmarmelade – ein kombinasjon me aldri ville ha tenkt på sjølve, men som smakte heilt fantastisk.

Tusen takk for gjestfridomen, dei gode samtalane og den varme mottakinga. Slike møte betyr meir enn de kanskje anar❤️
Me gler oss allereie til den dagen de tek turen til oss i Klyvvikje. De skal vera hjarteleg velkomne. ❤️🌿

Adresse

OLSNESVEGEN 71
Bruvik
5285

Telefon

90647840

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Klyvvikje legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del