19/06/2026
Gratulerer😊👍
⚡FAGBREVUTDELING 2026
er vel gjennomført, med ein knakandes kjekke gjeng, i lokala til Grand Hotel Skei.
40 nye fagarbeidarar fekk det fysiske beviset på kva kompetanse dei sit inne med.
Å meistre eit elektrofag er ikkje berre berre, så vi rådar alle å henge fagbreva høgt på veggen i ei fin ramme - og la det minne om kor dyktige de er, og kor viktige de er for samfunnet vårt.
🥰 Det har vore ei glede å følgje dei gjennom læretida, og ikkje minst å feire dei saman med bedriftsrepresentantar, familie og kjærestar. No fortset eventyret i elektrobransjen, og dei skal få vere med å ta imot dei nye lærlingane til hausten. Rolla er snudd, og gode erfaringar skal vidareførast.
🎹 Vår eigen elektro-pianist, Adrian Venås, opna kvelden med "Intersteller". Dette sette ei høgtideleg stemning i salen. Deretter var det Bjarte Heggheim som ønska alle velkommen, og tok oss stødig gjennom programmet.
Talarane og utdelarane våre sa nokre velvalde og kloke ord til deltakarane, tusen hjarteleg takk for at de ville dele dagen med oss 🌼
⭐Wenny Irene Hansen, NHO Vestland og leiar i Yrkesopplæringsnemnda.
⭐Siri Sandvik sit òg i Yrkesopplæringsnemnda, og er blant anna nestleiar i hovudutval for næring i Vestland fylke.
⭐Agnar Holen, er dagleg leiar i Holen Installasjon, og representerte styret i Fagopplæring Elektro og NHO Elektro Sogn og Fjordane.
Dei representerte NHO Vestland,
🏆 Etter ein steike god middag, vart kvelden avslutta med Quiz. Her fekk tre heldige vinnarar utdelt flotte premiar som er sponsa av Onninen, Ahlsell og Intin. De vart sett stor pris på! Onninen Norge AS Ahlsell Norge INTIN AS
📷 Takk til fotografane våre: Ole Johnny Devik og to dyktige elevar frå medielinja på Førde VGS, Anne Marie og Martine.
Alle deltakarane vil få tilgang til bilete frå arrangementet når dei er klare😍
Hugs å kreditere ved bruk av bilete:
" Foto: Anne Marie Flores Røyrvik og Martine Thingnes".
Vestland fylkeskommune NHO Vestland NHO Elektro NHO Elektro Sogn og Fjordane Grand Hotel Skei Førde vidaregåande skule