Granvin Maskinstasjon AS

Granvin Maskinstasjon AS Entreprenørverksemd i Granvin, Hardanger. Ikkje nøl med å ta kontakt. Då Nikolai A Lillegraven kom frå militæret i 1967, kjøpte han ein Ford Dexta.

Utfører arbeid innan mellom anna:
Graving
Boring/Sprengning
Stikning
Masseforflytning
Natursteinsmuring
ADK
Brøyting
Rasrydding
Sal av massar
Har du eit prosjekt du treng bistand med? Denne vart nytta til snørydding i Granvin herad. I perioden fram til 1978 vart det investert i ymse utstyr, mellom anna brøyt, beltemaskin. Borerigg, kompressor, lastebil og ytterlegare to traktorar. Staben auka bet

rakteleg då Eirik Eide, Øystein Teigland og Jens Holven gjekk inn i partlaget som fekk namnet Granvin Maskinstasjon. Tilbodet om arbeid var stort og det vart kjøpt lastebil, borerigg, tømmerskjer, beltemaskin og utstyr til verkstad og service arbeid. Firmaet vart Granvin Maskinstasjon AS då Holven og Teigland fann seg anna arbeidet. I 1982 sysselsette verksemda 10 mann og ein allsidig maskinpark. Nye kontor med opphaldsrom vart teke i bruk. Ved årsskiftet dette året fekk verksemda verkstad og lagerbygg på 170 kvm i Granvin sentrum. Maskinparken og kompetansen veks år for år. Verksemda har i dag 10 tilsette og tek på seg arbeide i regionen av ulikt omfang og karakter.

Det er med stor sorg me mottok meldinga om at Nikolai A. Lillegraven – vår kjære Nikko – sovna stille inn 26.06.2026, 79...
02/07/2026

Det er med stor sorg me mottok meldinga om at Nikolai A. Lillegraven – vår kjære Nikko – sovna stille inn 26.06.2026, 79 år gammal.

Nikko var gründar og ein ekte ildsjel bak det som i dag er Granvin Maskinstasjon AS og Granvin Stein AS. Han kjøpte sin fyrste traktor i 1967, og la dermed grunnlaget for verksemda mange av oss kjenner og set pris på i dag. Gjennom eit langt liv har han vore ein viktig pådrivar – ikkje berre for firmaet, men for aktivitet og samhald i bygda.

Han var ein mann med mange interesser, og hadde ei særleg glede for gamle maskiner, bilar og motorsyklar. Samstundes var han alltid ein som stilte opp for andre – ein hjelpande hand var aldri langt unna.

Me lyser fred over hans minne.

Gravferda finn stad i Granvin kyrkje fredag 03.06. kl 12

I vår har me fått vore med på eit spanande prosjekt på Tjoflot i Voss Herad.  Tjoflotviki Foreining har mellom anna fått...
21/04/2026

I vår har me fått vore med på eit spanande prosjekt på Tjoflot i Voss Herad. Tjoflotviki Foreining har mellom anna fått midlar frå Kulturminnefondet for istandsetting av eit gammalt naustmiljø. Vårt oppdrag har mellom anna vore grunnarbeid for restaurering av gamle kaiar og restaurering av deler av ein grunnmur og ei bu. No nermar vårt arbeid seg ferdig og foreininga skal gjere siste finpuss med handarbeid og noko snikkararbeid som dugnadsinnsats. Me ynskjer å takke for oppdraget og vonar de vert nøgde. Dette vert eit flott naustmiljø når prosjektet no vert heilt ferdig. Dei som skal til fjelltoppen Oksen køyrer like bak nausta her, så dette vert nok ein populær stoppestad for ein rast før eller etter ein topptur til Oksen. Lokale drikkevarer er heller ikkje langt vekke😊 Granvin Stein A/S

Me har no landbrukskalk på lager, klar til utkøyring.  Ta kontakt for pris og info. Me kan tilby prisar inkludert transp...
21/04/2026

Me har no landbrukskalk på lager, klar til utkøyring. Ta kontakt for pris og info. Me kan tilby prisar inkludert transport eller kun salg av kalk henta på lager.

Ta kontakt på [email protected] eller telefon 56525000

Takk for handelen, flott maskin🤩
06/01/2026

Takk for handelen, flott maskin🤩

Godt nyttår alle.  Sidan det har vore veldig lite oppdateringar på facebooksida vår dei siste åra så tenkte me at det va...
06/01/2026

Godt nyttår alle.

Sidan det har vore veldig lite oppdateringar på facebooksida vår dei siste åra så tenkte me at det var på høg tid å vise fram litt av alt me har drive med sian sist. Utover vinteren så prøver me å få ut litt bildedryss og enkel info på eindel av prosjekta. Det har vore litt diverse som; natursteinsmuring, vegbygging, tomter, VA og ikkje minst så har me bygg ut nokre kraftverk rundt i distriktet.

Slenger med nokre smakebitar her.

Stay tuned så dei seier på godt norsk 😄

Adresse

Røynstrandsvegen 20
Granvin
5736

Åpningstider

Mandag 07:00 - 15:30
Tirsdag 07:00 - 15:30
Onsdag 07:00 - 15:30
Torsdag 07:00 - 15:30
Fredag 07:00 - 15:30

Telefon

+4756525000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Granvin Maskinstasjon AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Granvin Maskinstasjon AS:

Snarveier

Del