AKS-77

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

AKS-77 FIL AKS-77 på Facebook AKS-77 vart skipa som ein samanslutning av klubbane Alvidra, Knarvik Idrettslag og Seim i 1977. Derav namnet; AKS-77

Gratulerer til Harald Nygård med den høgthengande utmerkinga som Årets Master i Hordaland Friidrettskrets!Denne prisen e...
25/10/2026

Gratulerer til Harald Nygård med den høgthengande utmerkinga som Årets Master i Hordaland Friidrettskrets!

Denne prisen er ei velfortent anerkjenning av ein person som gjennom fleire tiår har vore ein ekte drivkraft for friidretten, folkehelsa og frivilligheita i Nordhordland. Som aktiv utøvar har Harald oppnådd imponerande resultat nasjonalt og internasjonalt, men det er den enorme innsatsen han har lagt ned for andre som verkeleg gjer han unik.

Gjennom mange år har Harald bygd treningsmiljø, motivert veteranar og nye løparar, delt kunnskap og skapt eit inkluderande fellesskap der idrettsglede, meistring og kameratskap står i sentrum. Han har vore ein uvurderleg ressurs for FIL AKS-77, KnarvikMila, Brekkeløypas Venner og Stolpejakten, og har med sitt engasjement bidrege til at tusenvis av menneske har fått oppleve gleda ved fysisk aktivitet.

Harald er ein person som alltid stiller opp. Han tek ansvar, ser løysingar, deler erfaring og skaper tryggleik rundt seg. Med sitt smil, sitt gode humør og si utrøyttelege arbeidsvilje har han vore med på å forme både miljø og kultur i friidretten langt utover det som kan målast i medaljar og resultat.

På vegner av heile KnarvikMila vil vi rette ei stor takk for den fantastiske innsatsen du har lagt ned gjennom så mange år. Du er eit forbilde for oss alle, og vi er både stolte og takksame for å ha deg med på laget.

Gratulerer med den velfortente prisen, Harald! Vi ser fram til mange nye år med samarbeid, idrettsglede og fellesskap.

Frå premie til samfunnsnytte!I går fekk vi gleda av å overrekkje vinnarbilen frå KnarvikMila 2026 til Nordhordland Røde ...
24/10/2026

Frå premie til samfunnsnytte!

I går fekk vi gleda av å overrekkje vinnarbilen frå KnarvikMila 2026 til Nordhordland Røde Kors.

Då den opphavlege vinnaren valde å seie frå seg premien, ønskte vi saman med Eknes Karosseri å finne ei løysing som kunne gi størst mogleg verdi for lokalsamfunnet. Valet fall på ein samarbeidspartnar som kvar dag skaper tryggleik, fellesskap og omsorg for menneske i regionen vår gjennom eit breitt spekter av aktivitetar og tenester. Nordhordland Røde Kors er ein viktig aktør innan både beredskap, redningsteneste og omsorgsarbeid, driven fram av rundt 100 dedikerte frivillige.

For oss i KnarvikMila handlar dette om mykje meir enn ein bil. Det handlar om frivilligheit, samfunnsansvar og om å gi noko tilbake til dei som kvar dag gjer ein forskjell for andre.

Vi er stolte over at bilen no får eit nytt liv i tenesta for fellesskapet, og vi er heilt sikre på at han kjem til å bli brukt til stor nytte for mange menneske i Nordhordland det neste året.

Tusen takk til Eknes Karosseri for samarbeidet, og ikkje minst til alle dei frivillige i Nordhordland Røde Kors for den uvurderlege innsatsen de legg ned gjennom heile året.

Du kan lese meir i artikkelen til Avisa Nordhordland.

KnarvikMilas Toppidrettsstipend 2027Drøymer du om å nå toppen?Kanskje er du allereie blant dei beste i landet. Kanskje t...
20/10/2026

KnarvikMilas Toppidrettsstipend 2027

Drøymer du om å nå toppen?
Kanskje er du allereie blant dei beste i landet. Kanskje trenar du målretta mot EM, VM eller OL. Kanskje er du den neste store idrettsprofilen frå Alver.

KnarvikMilas Toppidrettsstipend skal gi unge talent det vesle ekstra løftet på vegen mot dei store måla.

Gjennom stipendordninga ønskjer KnarvikMila å bidra til at fleire unge utøvarar frå Alver får moglegheita til å utvikle seg vidare på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Samtidig ønsker vi å løfte fram utøvarar som inspirerer andre, bygger gode idrettsmiljø og er stolte ambassadørar for lokalsamfunnet vårt.

I 2026 vart dei aller første stipenda tildelt Andrea Nygård Vie og Helene Reigstad, to utøvarar som gjennom sterke prestasjonar, hardt arbeid og langsiktige ambisjonar viste kva som er mogleg å oppnå med målretta satsing. Dei representerer akkurat den kombinasjonen av talent, dedikasjon og førebilete stipendet er skapt for å støtte.

Kven kan søkje?
Du kan søkje dersom du:

- er mellom 15 og 23 år
- har tilknyting til Alver kommune gjennom bustad, oppvekst eller idrettslag
- konkurrerer på høgt nasjonalt nivå i din idrett og aldersklasse
- har ambisjonar om vidare utvikling mot nasjonalt og internasjonalt toppnivå
- er eit godt førebilete og bidreg positivt til idrettsmiljøet rundt deg.

Dette ser vi etter
Vi vurderer ikkje berre resultatlister og medaljar. Vi ser etter heile utøvaren.

Stipendkomiteen legg vekt på sportslege prestasjonar, utviklingspotensial, treningsinnsats, dedikasjon, økonomisk behov og korleis du bidreg til å inspirere andre. Vi ønskjer å støtte unge menneske som representerer både idretten, klubben sin og Alver på ein positiv måte.

Kva kan stipendet nyttast til?
Toppidrettssatsing krev ressursar. Stipendet kan mellom anna brukast til treningsleirar, konkurransereiser, utstyr, medisinsk oppfølging, trenerutgifter og andre tiltak som styrkar utviklinga di som utøvar.

Idrettsglede som gir tilbake
KnarvikMilas Toppidrettsstipend blir finansiert av overskotet frå KnarvikMila. Når tusenvis av deltakarar, frivillige og samarbeidspartnarar samlast til folkefest kvart år, bidreg dei samtidig til å skape nye moglegheiter for unge idrettstalentar i regionen.

Vil du bli neste stipendmottakar?
Har du talentet, viljen og ambisjonane? Då håpar vi du sender inn søknad. Vi gler oss til å bli kjend med dei neste unge toppidrettsutøvarane som skal representere Alver på den nasjonale og internasjonale idrettsscena.

Søknadsfrist: Søndag 15. november 2026.

Det kan delast ut inntil tre stipend med ein samla verdi på inntil 60 000 kroner.

Del gjerne innlegget med unge utøvarar du tenkjer bør søke om toppidrettsstipendet

KnarvikMilas Toppidrettsstipend 2027 – fordi store prestasjonar ofte startar med lokal støtte.

For meir info og søknadsskjema:
https://www.knarvikmila.no/blog/2026/10/20/knarvikmilas-toppidrettsstipend-2027

No er vi inne i den aller siste veka av Stolpejakten i Alver, Austrheim og Fedje for i år!Søndag kl. 23.59 blir den ordi...
12/10/2026

No er vi inne i den aller siste veka av Stolpejakten i Alver, Austrheim og Fedje for i år!

Søndag kl. 23.59 blir den ordinære stolpejakta avslutta, så dersom du enno har nokre stolpar att på kartet, er dette siste sjansen til å sikre deg dei før sesongen er over.

Gjennom året har tusenvis av små og store stolpejegerar kome seg ut på tur, opplevd nye stiar, fine utsiktspunkt og gode naturopplevingar i nærmiljøet. No håpar vi at endå fleire nyttar den siste veka til å ta dei siste stolpane og avslutte sesongen med stil.

Søndag frå kl. 13.00 til 15.00 inviterer vi til familiedag i Brekkeløypa for å markere avslutninga på årets Stolpejakt. Samstundes feirar vi 20-årsjubileet for opninga av Brekkeløypa, og vi markerer den offisielle opninga av den nye aktivitetsparken og to nye gapahukar. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad står for den offisielle opninga kl. 13.00.

Dugnadsgjengen i Brekkeløypas vener stiller som alltid sterkt opp med kaffi, saft, vaflar og aktivitetspostar for både store og små.

Ta med familie, venner og naboar og bli med på ei triveleg markering av eit flott friluftsår. Førsteklasses turglede, fellesskap og aktivitet ventar, og kanskje rekk du òg dei siste stolpane før sesongen er over.

Vel møtt til familiedag i Brekkeløypa på søndag kl. 1300-1500!

PS! Stolpejakten er tilbake med adventsstolpejakt i Knarvik i1. - 24- desember!

Velkommen til familiedag og offisiell åpning i Brekkeløypa!Søndag 18. oktober kl. 13.00–15.00 inviterer vi alle små og s...
08/10/2026

Velkommen til familiedag og offisiell åpning i Brekkeløypa!

Søndag 18. oktober kl. 13.00–15.00 inviterer vi alle små og store til en innholdsrik dag i Brekkeløypa.

I år har vi ekstra mye å feire. Det er 20 år siden Brekkeløypa ble offisielt åpnet, vi skal åpne den nye aktivitetsparken og de nye gapahukene med benker, arrangere den tradisjonelle familiedagen til Brekkeløypas Venner og markere avslutningen av årets Stolpejakt.

Brekkeløypa har gjennom to tiår utviklet seg til å bli Nordhordlands mest populære lavterskel tur- og aktivitetsområde. Hvert år brukes løypa av tusenvis av mennesker i alle aldre, og de nye anleggene vil gjøre området enda mer attraktivt som møteplass for aktivitet, friluftsliv og fellesskap.

Den nye aktivitetsparken og gapahukene er resultatet av flere års planlegging, samarbeid og innsats fra mange engasjerte bidragsytere. Nå gleder vi oss til å ta anleggene i bruk og feire dette sammen med lokalsamfunnet.

Vi håper mange vil ta turen til Brekkeløypa denne dagen og bli med på markeringen av både historien, nåtiden og framtiden til et av Nordhordlands viktigste folkehelsetiltak.

Tid: Søndag 18. oktober kl. 13.00–15.00
Sted: Brekkeløypa, Knarvik

Velkommen!

Flotte resultater av våres utøvere under årets UM!
16/09/2026

Flotte resultater av våres utøvere under årets UM!

I åres utgave av UM hadde vi med oss to utøvere, Andreas Brakstad Klausen(G-17) og Ida Ramslien(J-18/19). Vi er stolte av dem begge for måten dei representerer klubben på og er for...

KnarvikMila har hatt en flott løpsdag i dag, med halvmaraton, 10 km og 5km - og alle tre distansene for de tøffeste Fjor...
05/09/2026

KnarvikMila har hatt en flott løpsdag i dag, med halvmaraton, 10 km og 5km - og alle tre distansene for de tøffeste FjordVikingene!

I morgen fortsetter vi med familiedagen, med NaturMila, 3km og barneløpene.

NaturMila er en spennende tur i Brekkeløypa med qiuz og aktivitetsposter - og selvfølgelig flere gode vinnersjanser! I tillegg er det ekstra stolper i Stolpejakten

3km er den velkjente distansen, som ofte gir de yngste sitt første møte med løp med startnummer med tidsbrikke på brystet. Samtidig er det en utfordring for de langt mer erfarne løperne også!

Kr. 100 av hver påmelding til 3km går direkte til "Løp for Storm", den lokale innsamlingsaksjonen til forskning på barnedemens. Her kan du både løpe og bidra til en flott og viktig sak!

Dagen avsluttes med gratis barneløp for både de minste og de litt større barna. Her blir det action, smil og latter! Underholdningen før og oppvarmingen til barneløpene er det de lokale danserne Olivia og Celina som står for, sammen med crewet sitt skaper både stemning og aktivitet!

I løpet av dagen vil vi også kåre en lang rekke vinnere av ulike premieringer, bla. vinneren av en splitter ny Toyota fra Eknes Karosseri AS for ett år!

Dette vil du garantert ikke gå glipp av! Meld deg på på www.knarvikmila.no eller i sekretariatet i Nordhordlandshallen i morgen!

Lørdag = løpsfest på KnarvikMila!Fredagen er allereie levert med topp stemning i UngdomsMila og Sparebanken Norge‑stafet...
04/09/2026

Lørdag = løpsfest på KnarvikMila!

Fredagen er allereie levert med topp stemning i UngdomsMila og Sparebanken Norge‑stafetten – og no står vi klare for den store løpsdagen!

Tre distansar ventar i morgon, kvar med sin eigen puls, flyt og meistring:

5 km – perfekt for deg som vil kjenne fart, glede og den gode «eg klarte det!»‑kjensla.

10 km – den klassiske utfordringa som gir både driv, utsikt og ei skikkeleg løpsoppleving.

Halvmaraton – for dei som vil ta steget opp og kjenne den magiske kombinasjonen av fokus, flyt og fellesskap gjennom heile løypa.

Uansett distanse får du publikum, stemning, musikk og den unike KnarvikMila‑energien som løftar deg heilt fram til mål.

Meld deg på i dag på www.knarvikmila.no

I tillegg held vi oppe trykket i Nordhordlandshallen, der messa byr på eit breitt utval utstillarar, inspirasjon og gode kjøp. Sport 1 stiller med sterke tilbod på løpesko og sportsutstyr, så du kan sikre deg det du treng – enten du skal løpe i morgon eller vil oppgradere treningsgarderoben.

Lørdagen blir ein dag fylt med fart, fellesskap, meistring og festivalstemning. Vi gler oss til å sjå deg!

Grip sjansen – bli med på KnarvikMila‑opplevinga!

KnarvikMila 2026 er i gang!Onsdag kl. 1800 startet de 12 ekstra stolpene i Stolpejakten Alver under KnarvikMila. Stolpen...
02/09/2026

KnarvikMila 2026 er i gang!

Onsdag kl. 1800 startet de 12 ekstra stolpene i Stolpejakten Alver under KnarvikMila. Stolpene står tilgjengelig til søndag kl. 15.59.

Meld deg på NaturMila/Stolpejakten på www.knarvikmila.no. Da er du også med i trekningen av en lang rekke flotte premier, bla. en flott Toyota fra Eknes Karosseri AS for ett år, samt en lang rekke andre trekningspremier. Disse kan du sjekke om du vinner i eget telt i målområdet på Knarvik stadion på søndag.

Du kan da også delta på NaturMila med quiz og aktivitetsposter i Brekkeløypa på søndag kl. 1000-1130.

KnarvikMila gjennomføres som planlagt!I forbindelse med Hans Majestet Kong Haralds bortgang har KnarvikMila besluttet å ...
01/09/2026

KnarvikMila gjennomføres som planlagt!

I forbindelse med Hans Majestet Kong Haralds bortgang har KnarvikMila besluttet å følge retningslinjene for idretten som innebærer at bredde-, barne- og ungdomsarrangementer kan gjennomføres som planlagt.

Dette betyr at vi vil gjennomføre arrangementene våre, men justere noe for å vise vår respekt til folkekongen og idrettskongen Harald. Det vil bli gjort flere markeringer gjennom helgen, bla. før start på hver distanse.

For mer info se www.knarvikmila.no

Adresse

Isdalstø
5916

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når AKS-77 legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til AKS-77:

Snarveier

Del