AH Bygg A/S

AH Bygg A/S AH Bygg er eit mellomstort firma plassert i Sogndal. Me utfører både store og små jobber innen t?

Vil du jobbe med oss? Me har fleire spennande stillingar ledige akkurat no. Sjekk ut utlysingane på nettsida vår – lenkj...
13/05/2026

Vil du jobbe med oss?

Me har fleire spennande stillingar ledige akkurat no. Sjekk ut utlysingane på nettsida vår – lenkje i kommentarfeltet

AH BYGG deler ut 6(!) dagspass til Sogndal Hodlekve skisenter som kan nyttas på valgfri dag denne sesongen. Perfekt for ...
31/03/2026

AH BYGG deler ut 6(!) dagspass til Sogndal Hodlekve skisenter som kan nyttas på valgfri dag denne sesongen. Perfekt for påskeferien!

Lik og/eller del innlegget, kommenter din påskehelsing i kommentarfeltet under og tag kven du ynskjer å ha med deg i skibakken!

Det vert trekt 3 heldige vinnarar* i morgon kl 12 som vinn kvar sine 2 pass 🥳🥳

*Vinnarar lyt vere fylgjarar av sida vår på Facebook for å kvalifisere for premie.

Me vil gratulera vår kjære fagarbeidar Sigbjørn Njøs Eikeland med 20-årsdagen!I ekte bursdagsstil vart det kake i lunsje...
25/09/2025

Me vil gratulera vår kjære fagarbeidar Sigbjørn Njøs Eikeland med 20-årsdagen!
I ekte bursdagsstil vart det kake i lunsjen – og ja, brownie-kaka var bakt av Sigbjørn sjølv (ikkje mora 😉). Ein kollega hadde òg trylla fram ostekake, så feiringa var komplett.

Gratulerer med dagen, Sigbjørn! 🎂

Bli med og bygg framtida i Sogn – vi treng fleire på laget!AH Bygg er eit solid tømrar- og betongfirma med over 30 års e...
26/08/2025

Bli med og bygg framtida i Sogn – vi treng fleire på laget!

AH Bygg er eit solid tømrar- og betongfirma med over 30 års erfaring. Vi er 25 tilsette og omsette for 73 millionar i 2023. Med variert portefølje - frå bustader til næringsbygg og offentlege prosjekt - får du ein trygg jobb i ein bedrift i vekst.

Byggeplassleiar
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for dagleg drift på byggeplass i samarbeid med prosjektleiar
- Koordinere folk, materiell og underentreprenørar
- HMS-oppfølging og kvalitetssikring
- Bidra til god framdrift og dialog med kunde
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev innan bygg/betong, gjerne med meisterbrev eller erfaring som bas
- Har leiarerfaring frå byggeplass
- Er strukturert, tydeleg og flink til å samarbeide

Fagfolk (tømrarar og betongarbeidarar)
Arbeidsoppgåver:
- Utføre praktisk arbeid på små og store prosjekt
- Bidra til kvalitet og framdrift på byggeplassen
- Jobbe både sjølvstendig og i team
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev innan tømrar/betong (erfaring kan kompensere)
- Har yrkesstoltheit og nøyaktig utføring
- Likar å finne løysingar og bidra i eit godt arbeidsmiljø

Hjelpearbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Assistere fagarbeidarar og byggeplassleiar på prosjekt
- Delta i grunnarbeid, transport og enklare oppgåver
- Bidra til orden og sikkerheit på byggeplass
Vi ser etter deg som:
- Har motivasjon til å lære bygg- og betongfaget
- Er påliteleg, samarbeidsvillig og fysisk robust
- Erfaring frå bygg er ein fordel, men ikkje krav

Lærling
Kvifor vere lærling hos AH Bygg?
- Du får tett oppfølging av erfarne fagfolk
- Varierte prosjekt gjer at du lærer breitt
- Du blir del av eit arbeidsmiljø som satsar på dei unge
- Vi har lang erfaring med å ta inn lærlingar og følgjer deg heilt fram til fagprøven

Vi tilbyr
- Fast jobb i eit solid og stabilt firma
- Gode utviklingsmoglegheiter - vi satsar på å bygge opp eigne folk
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø og samhald
- Firmabilordning og gode personalgoder

Søk no!
Send søknad og CV til dagleg leiar Arild Andersen på [email protected]
Har du spørsmål, ring Arild på 950 67 299
Søknader blir vurderte fortløpande - ikkje vent for lenge!

Vår kjære lærling,Sigbjørn Njøs Eikeland, er ikkje lærling lenger!Forrige veke bestod han fagprøven sin med g***s, og de...
14/08/2025

Vår kjære lærling,Sigbjørn Njøs Eikeland, er ikkje lærling lenger!
Forrige veke bestod han fagprøven sin med g***s, og det vil me gratulere han masse for 🎉

I dag feirar me Sigbjørn med kake, og framover skal han ta fagskulen på deltid – samtidig som han held fram å jobba saman med oss.

08/07/2025

Einarsen Eigedom har inngått eit samarbeid med byggentreprenør AH-Bygg, røyrleggjar Bent Vikøren og byggkonsulent La-BIM for utvikling av Fjordheim-prosjektet på Hermansverk i Sogndal kommune. Fjordheim skal bli eit moderne og framtidsretta bygg med bustader og handel – midt i Hermansverk sen...

10/12/2024

Hei!
Me har nytilsett som kjem siste veka i Januar 2025 med kone, eitt barn og ein hund. Disse er interessert i langtidsleige av hus eller 3 roms leiligheit i Sogndalsområdet eller på Kaupanger. Er det nokon som har noko for utleige så ta gjerne kontakt! :)

02/12/2024
02/10/2024
Me søkjer tømrarar og betongarbeidarar til våre prosjekt! Mogleg med superrask søknad utan CV via lenka under.
02/09/2024

Me søkjer tømrarar og betongarbeidarar til våre prosjekt! Mogleg med superrask søknad utan CV via lenka under.

Tømrer, Andersen og Hofslundsengen Bygg AS, Kaupanger. Søknadsfrist: 23.09.2024.

Adresse

Kaupanger
6854

Åpningstider

Mandag 07:00 - 17:00
Tirsdag 07:00 - 17:00
Onsdag 07:00 - 17:00
Torsdag 07:00 - 17:00
Fredag 07:00 - 17:00

Telefon

+4795067299

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når AH Bygg A/S legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til AH Bygg A/S:

Del

Type