Alsaker Fjordbruk

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Alsaker Fjordbruk Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks Fokuset vårt er å gjera det me er best på!

Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden. I konsernet har me ein kapasitet på nærare 30 millionar settefisk og ein matfiskproduksjon, med utgangspunkt i 22 konsesjonar. På slakteriet vårt, Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad, har me nyleg gjennomført ei større modernisering, som medfører ei optimalisering, bygd på den mest moderne teknologien som finns på marknaden i dag. Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden!

For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer me ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar. Vil du vere m...
13/10/2026

For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer me ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar. Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk? 🐟 💪

Prosjektleiar - Alsaker Fjordbruk - Søknadsfrist snarast innan 13.08.26 Driftsleiar Matfisk - Alsaker Fjordbruk - Søknadsfrist 01.11.2026 Læreplassar

01/10/2026

Bak gode resultat står det alltid gode folk. 👏

Rune Heim er lokalitetsansvarleg på Rossholmen. Han har snakka med IntraFish om erfaringane med Blue Lice, og om korleis gjengen på lokaliteten har følgt utstyret tett opp for å få best mogleg effekt.

Rune er ein erfaren og engasjert mann med eit stort hjarte for fisken og gode resultat. Han kan mykje, og gjer seg tydelegvis også godt framfor kamera 💙

📍 Strandsonebefaring og strandrydding på Ånuglo og MidtøyoI dag har gjengen på Onarøy vore på strandsonebefaring, og sam...
30/09/2026

📍 Strandsonebefaring og strandrydding på Ånuglo og Midtøyo

I dag har gjengen på Onarøy vore på strandsonebefaring, og samstundes fekk dei rydda med seg litt boss frå strendene. 👏 🌿

Me har som mål at alle matfiskanlegg skal gjennomføra ein ryddedugnad langs strendene ein gong i året.

Strandrydding er ein viktig del av arbeidet vårt for å ta vare på miljøet og områda rundt oss. Samtidig er det sjølvsagt viktig å førebyggje forsøpling ved å sikre og rydde inn laust utstyr når det er meldt storm og uvêr.

Godt jobba Onarøy! 💙 ♻️

24/09/2026

Sjå for ein flott båt og ein flott base 🤩

Desse to er heldigvis ikkje heilt representative for dei som jobbar hos oss til dagleg 😄 - men det var veldig kjekt å få jobbe med dei og Sjøfartsdirektoratet då dei var på besøk for å spele inn film om eit viktig tema.

Dag to på yrkesmesse i Tysvær. Me håpar å få snakke med engasjerte ungdomar, og å kanskje så ein spire av engasjement fo...
23/09/2026

Dag to på yrkesmesse i Tysvær. Me håpar å få snakke med engasjerte ungdomar, og å kanskje så ein spire av engasjement for havbruk hos dei som ikkje heilt veit kva dei vil i framtida enno 🐟

I går var ein kjekk dag, med skuleklassar på dagtid og ope for alle på kvelden – me håpar på mange gode samtalar i dag også.

Kanskje får me lokka nokon inn i havbruk med ein flott dag ute på merdene med Fjordbruk Service i VR-brillene 😁 🚤

🐟 I desse dagar går det føre seg eit viktig arbeid i Lygrepollen.Arbeidet med å hente ut rogn og mjølke som skal bli til...
17/09/2026

🐟 I desse dagar går det føre seg eit viktig arbeid i Lygrepollen.

Arbeidet med å hente ut rogn og mjølke som skal bli til nye liv er i full sving. Kvart vesle rognkorn representerer starten på ei lang reise.

Arbeidet krev nøyaktigheit i alle ledd. Med høgt fokus på biotryggleik og nøye samkøyrde avdelingar flyttar rogna seg steg for steg gjennom prosessen. Først vert ho henta ut frå stamfisken. Deretter vert ho befrukta, før ho til slutt blir lagd i inkubatorar. I kvar blå inkubator ligg befrukta rogn frå éin fisk.

Her er mange dedikerte folk i sving for å sikre grunnlaget for neste generasjons laks ✨

Frå pionertid på Bømlo til å bli eitt av våre største selskap – i dag er det 70 år sidan historia til Nordsjø Fjordbruk ...
14/09/2026

Frå pionertid på Bømlo til å bli eitt av våre største selskap – i dag er det 70 år sidan historia til Nordsjø Fjordbruk tok til.

Røtene går tilbake til 1956, då Bjarne Svendsen etablerte AL Nordsjø på Bømlo. Gjennom fleire tiår var selskapet med på å byggja opp oppdrettsnæringa i regionen, og utvikla seg til ein viktig aktør både lokalt og regionalt.

I 2010 vart AL Nordsjø ein del av Alsaker Fjordbruk og fekk namnet Nordsjø Fjordbruk. Oppkjøpet auka talet på matfiskkonsesjonar i konsernet frå 20 til 22. Gjennom vidare utvikling og konsolideringar har selskapet sidan den gong vakse til å bli det største selskapet i Alsaker Fjordbruk. I dag omfattar verksemda heile 18 lokalitetar i Vestland og Rogaland.

70 år handlar først og fremst om menneska som har bygd verksemda gjennom generasjonar. Takk til alle som har vore med på reisa, og til alle som kvar dag er med på å skriva historia vidare. 🐟🌊

Snart er det halvanna år sidan brannen, og me har virkeleg begynt å glede oss til den dagen me kan flytte inn att 😊Med g...
10/09/2026

Snart er det halvanna år sidan brannen, og me har virkeleg begynt å glede oss til den dagen me kan flytte inn att 😊

Med gjengen frå Bolaks på laget og endå fleire tilsette i administrasjonen byrjar det å bli trongt om kontorplassane i det gamle bygget.

Samstundes tek det nye bygget form framfor auga på oss, og for kvar veke som går, liknar det meir og meir på bygget me flytta inn i for snart to år sidan. Dei store glassflatene i det opne og romslege E-bygget, som skal huse kantina, er på plass og minner oss om at me snart får den etterlengta plassen rundt lunsjbordet att ✨

☀️ Førre veke møttest dei nye lærlingane våre til oppstartssamling på Onarheim.Desse sju skal ha læretida si på matfisk ...
04/09/2026

☀️ Førre veke møttest dei nye lærlingane våre til oppstartssamling på Onarheim.

Desse sju skal ha læretida si på matfisk og rensefisk. Fleire av dei har allereie jobba hos oss som vikarar, medan andre er nye fjes.

Magne Sildelid, Mina Linea Risnes, William Kyvik, Mathias Aksland, Sturla Paulsen, Knut Benjamin Dalland Nesse og Jonathan Rød: Me er glade for å ha alle med på laget, og gler oss til å følgje utviklinga gjennom læretida.

Velkomne til oss! Sjå mindre

Veit du kva fisk dette er? 🐟Han er kanskje ikkje så lett å kjenna att enno.  Gjennom sommaren har me lagt inn rogn i anl...
20/08/2026

Veit du kva fisk dette er? 🐟
Han er kanskje ikkje så lett å kjenna att enno.

Gjennom sommaren har me lagt inn rogn i anlegget på Onarheim Bruk, og no har me ein stor gjeng med små rognkjeks i klekkeriet som må passast godt på.

Enno manglar dei den karakteristiske blåfargen me kjenner på rognkjeks, og dei største veg berre kring 0,6 gram.

I klekkeriet er det mykje å gjere for dei drevne røktarane no. Rundt årsskiftet skal dei første leveringane være klare. Då skal rognkjeksene ut å gjera jobben sin som lusebeitar i merdene.

📸 Dei let seg ikkje så godt fange med kamera når dei veg mindre enn eit halvt gram, men her er eit lite glimt frå kvardagen i klekkeriet.

Adresse

Alsaker Brygge, Flakkavågsvegen 12
Kvinnherad
5694

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+47 53 43 01 00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Alsaker Fjordbruk legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Alsaker Fjordbruk:

Snarveier

Del