Magne Hope As

Magne Hope As Magne Hope Entreprenørforretning AS blei etablert i 1966 og har lange og solide tradisjonar Utviklinga går i ein rivande fart.

Magne Hope Entreprenørforretning AS blei etablert i 1966 og har lange og solide tradisjonar på å levere godt handverk. Me er lokalisert i Austrheim kommune i Nordhordland - nærmare bestemt i Mongstadkrysset. Firmaet har hatt ei jamn og stabil vekst og omset i dag for omtrent 100 millionar kroner. Det er av stor viktigheit for oss at våre medarbeidarar held eit fagleg høgt nivå. I denne bransjen er

dagens kunnskap og kompetanse ofte ikkje det same som gårsdagens. Etterutdanning og kursing er for oss ein dynamisk prosess. Magne Hope Entreprenørforretning AS er godkjent som lærebedrift, og tar heile tida høgde for å rekruttere og utdanne ny arbeidskraft. Me disponerer også ein moderne maskinpark der utstyret er rasjonelt og funksjonelt for alle typar oppdrag. Dokumentert kvalitet

Magne Hope Entreprenørforretning AS ønskjer å levere høg kvalitet i alle delar av prosessen. Vårt kvalitetssikringssystem er ISO sertifisert og me har sentral godkjenning i henhold til plan- og bygningslova. Me er sertifisert i Achilles, som leverandør til olje industri i Noreg og Danmark. I kraft av vår erfaring, kunnskap og kompetanse er me i stand til å utføre dei fleste typar oppdrag innan bygg og anlegg, tradisjonell og oljeretta industri, kommunaltekniske anlegg, kaier og bruer. Våre oppdragsgivarar er i hovudsak industri og statlige og kommunale verksemder. Me bidrar med kompetente råd og er med hele vegen, helt frå den tidlige skisse frem til ferdig bygg. Ein god dialog med våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar er ein føresetnad for vår vidare drift. Magne Hope Entreprenørforretning AS er aktiv deltakar i hele byggeprosessen. Vi er dimensjonert for å skreddarsy dine behov frå idé til ferdig oppført bygg. Vel du oss, vil vi ta ansvaret helt frem til ei dokumentert sluttbefaring, samt vedlikehald og ettersyn av dei utførte oppdrag. Me ønskjer å ta på oss alt det inneberer å være ein totalentreprenør. Ressurser til rådighet

Til saman er vi ein bedrift med 64 motiverte medarbeidarar der trivsel og et godt miljø er kvardagslig. Me er rusta for å meistre de fleste utfordringar og er ein bedrift med tung og solid kompetanse der de fleste har fagbrev. Magne Hope Entreprenørforretning AS er ein attraktiv arbeidsplass for talentfulle medarbeidarar med pågangsmot og stort engasjement. Me tilbyr spennande og varierte oppgåver i et hektisk arbeidsmiljø. Medarbeidarane er vår viktigaste ressurs til å nå vår hovudmålsetjing - eit optimalt resultat kvar gang!

Denne helga har me vore på ein heilt fantastisk 60-årsjubileumstur til Færøyane! ✈️Ein flott bukett av tilsette, følge o...
01/06/2026

Denne helga har me vore på ein heilt fantastisk 60-årsjubileumstur til Færøyane! ✈️
Ein flott bukett av tilsette, følge og gjester fekk oppleve ein minneverdig tur med heilt eige MH-fly, eigen kaptein 😊, mange flotte utflukter og severdigheiter – og ikkje minst masse god mat, god drikke og fantastisk selskap.
Tusen takk for turen til alle som var med og gjorde denne helga så spesiell. Dette er minner me kjem til å ta med oss lenge! ❤️

No nærmer det seg påskeferie for dei fleste hos oss i MH, og Øystein har spandert påskeegg på heile gjengen – både ansat...
27/03/2026

No nærmer det seg påskeferie for dei fleste hos oss i MH, og Øystein har spandert påskeegg på heile gjengen – både ansatte og innleigde😊

Me er ellers godt i gang med å feire 60-årsjubileet til Magne Hope AS med kjekke aktivitetar, konkurransar, og overraskelsar for dei ansatte gjennom året.

God påske til alle! 🐣🌼

Vår flinke kranbilsjåfør er stadig ute hos kunder og sørger for at jobben blir gjort trygt, effektivt og alltid med godt...
12/03/2026

Vår flinke kranbilsjåfør er stadig ute hos kunder og sørger for at jobben blir gjort trygt, effektivt og alltid med godt humør.
Vi er heldige som har så dyktige folk på laget! 💪
Han er også flink å ta bilder, og vant nettopp en fotokonkurranse. Her er to flotte bilder av kranbil i nydelig vær (altså ikkje tatt i dag)💦

22/01/2026

Ny maskin på tunet🥳 Ei Hydrema 912GS multitipp. Ei veldig kjekk maskin som kan laste 10 tonn og tippe både sidelengs og bakover. Den kan kjøre både på "vei og mark", og er eit godt alternativ til traktor med tipphenger.

Me er godt i gang med utbedring og sikring av gamle Slettavegen mellom Marås og Soltveit på Radøy. Her sager våre flinke...
21/01/2026

Me er godt i gang med utbedring og sikring av gamle Slettavegen mellom Marås og Soltveit på Radøy. Her sager våre flinke folk ned nokre store trær som må vike for bedre veg. Vegen skal bli kommunal, og kan nyttast som gang- og sykkelveg no når nye vegen er blitt hovud bilveg.

Me vil ønske alle ei riktig God jul🎄 Me hadde ei kjempe kjekk juleavslutning med julemat sammen med gode kollegaer og sa...
19/12/2025

Me vil ønske alle ei riktig God jul🎄 Me hadde ei kjempe kjekk juleavslutning med julemat sammen med gode kollegaer og samarbeidspartnere i dag🎅

Velkommen innom vår stand på utdanningsmessa i Norhordlandshallen i dag! Me treng lærling som anleggsmaskinfører, fjell ...
19/11/2025

Velkommen innom vår stand på utdanningsmessa i Norhordlandshallen i dag! Me treng lærling som anleggsmaskinfører, fjell og bergverksarbeider og betongfagarbeider. Er du ein, eller kjenner du ein kjekk ungdom som vil ta ei utdanning innen anleggsbransjen, så er Magne Hope AS ein fantastisk arbeidsplass, og det er bere å søke hos oss!

Montering av betongtrapp for kunde i nydelig høstvær🍁
31/10/2025

Montering av betongtrapp for kunde i nydelig høstvær🍁

Du lurer kanskje på kva me gjer på for tida?Me er blant anna i full sving med ein stor jobb for Aker på Equinor Mongstad...
16/10/2025

Du lurer kanskje på kva me gjer på for tida?
Me er blant anna i full sving med ein stor jobb for Aker på Equinor Mongstad, der vannrenseanlegget skal oppgraderast. Me bygger større mengder små og store betong konstruksjonar, og det er mykje grunnarbeid, transport og rørlegging i prosjektet. Me er mellom 50 og 60 arbeidere i sving inne på raffineriet pr no, inkludert underleverandører. Me er svært stolte av absolutt alle våre flinke og kunnskapsrike arbeidere som står på kver dag! Her er litt bilder frå noko av arbeidet.

Gratulerer med dagen til alle🇧🇻
17/05/2025

Gratulerer med dagen til alle🇧🇻

Adresse

Litlåsvegen 197
Mongstad
5954

Åpningstider

Mandag 07:30 - 15:30
Tirsdag 07:30 - 15:30
Onsdag 07:30 - 15:30
Torsdag 07:30 - 15:30
Fredag 07:30 - 15:30

Telefon

+4756167650

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Magne Hope As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Magne Hope As:

Del