28/03/2025
Er du vår nye kollega?
Me er i stadig utvikling og ynskjer no å utvida laget om me finn den rette! 😃🚛🚜
Er du ein allsidig person som trives med litt av kvart så er det eit stort pluss i eit lite firma!💪
Me kan tilby ein arbeidsplass som gjer deg varierte dagar, trivelege kundar og godt utstyr til å utføra arbeidet, saman med sjølvsagt ryddige arbeidsforhold og betingelsar elles 😎
Arbeidsoppgåver KAN spenna vidt, men det kjem an på deg!
- Me er fyrst og fremst ute etter ein sjåfør med CE (og YSK!) for å ta seg av hovuddelen av køyringa med Volvo krokbil, lokalt og til dels regionalt.
- Har du interesse, lyst og kompetanse til å bidra i sesong med traktorkjøring er det eit pluss!
- Me laster og ut kyllinghus med teleskoplastar og det kan og vera ein aktuell del av arbeidsbeskrivinga.
- Anna førefallande på maskinar og drift elles.
Er det utelukkande å køyra lastebil som er ditt kall i livet - så er det sjølvsagt og aktuelt, så la ikkje det hindra deg i å ta kontakt! 📞
Har du ikkje lappen på CE, men syntes traktor og maskinar er spanande og har god og relevant erfaring og kanskje kan tenka deg å kombinera med gardsdrift så kan me vurdera ei kombinert stilling. Gje lyd!
Gudmestad Maskin AS er ein totalleverandør av gjødseltransport, formidling og spreiing innan for tørrgjødsel på Jæren/sør-rogaland.
Me leverer og andre tenester knytt til transport som generell containertransport og maskintransport av mindre maskiner.
Paralellt driv eigar gard med eggproduksjon og kylling.
Høyres dette spanande ut, send oss ein PM eller kontakt Tor:
Telefon: 920 59 038
E-post: [email protected]
Me har ikkje sett ein søknadsfrist føreløpig, men ynska oppstart om me finn den rette er seinast 01.08.25.