Røynstrand Entreprenør AS er eit ingeniør / entreprenør firma på industriområdet Eitrheim, i Odda. . Selskapet har spesialisert seg på totalentreprisar innanfor bygg og anlegg, men utførar og mellomstore og mindre oppdrag, i tillegg til ingeniørtenester. Selskapet vart etablert så langt tilbake som i 1949 og har difor lang erfaring i bransjen
Firmaet fikk i år 2000 sentral godkjenning, med revisj
on i 2004, 2007, 2010 og 2013. Røynstrand AS har ein maskinpark beståande av lastebilar, gravemaskiner, dumper, byggekraner, m.m. Vi set stor fokus på HMT- og kvalitetssikringsarbeid (NS ISO 9001). Med dette har vi opparbeid eit langvarig kundeforhold til alle dei store industribedriftene i Indre Hardanger, og vi kan vise til ei lang referanseliste. Sørfjordsenteret (1991/92), Quality Vøringfoss Hotell (2000/01), prosjekt P2004, Boliden Odda AS (2003/04) og VA-anlegg Sysen - Maurset (SYSVA AS-2005/07), Hordatun Gård (leiligheter) og Solfonn Resort trinn I og II (leiligheter) er selskapets største oppdrag med kontraktsummar på over 50 mil NOK. Ellers finner vi kundenamn som Boliden Odda AS, TTI, Statkraft Energi AS, Odda Kommune, Ullensvang Herad, Eidfjord Kommune, Statens Vegvesen, Statnett SF, m.fl.