Nomeland Maskin As

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Nomeland Maskin As Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Nomeland Maskin As, Rysstad Industriveg 39, Rysstad.

Nomeland Maskin AS er eit entreprenørfirma med brei kompetanse innan feltutbygging, grunnarbeid, VA-anlegg, småkraftverk, pukkverksdrift, veganlegg, spesialtransport, vedlikehald av undergrunns-infrastruktur, miljøteknikk og øvrige tenester.

🎉 Opning av Skjerfossane og Brufossen kraftverk!Etter over 25 år med planlegging vart Skjerfossane og Brufossen kraftver...
20/08/2026

🎉 Opning av Skjerfossane og Brufossen kraftverk!

Etter over 25 år med planlegging vart Skjerfossane og Brufossen kraftverk i Birkenes offisielt opna denne veka – og Nomeland har vore hovudentreprenør på begge anlegga!

Kraftverka er eit resultat av investeringar på over 110 millionar kroner, og skal til saman produsere straum tilsvarande forbruket til rundt 1.000 husstandar.

Vi er stolte av å ha vore med og bidrege til at eit prosjekt så mange har venta lenge på, no endeleg er realisert. Nok eit flott prosjekt i Nomeland si historie! 💪

🎉 45 år i Nomeland Maskin AS! 🎉I dag ønsker vi å gratulere Ola Halvard med en helt spesiell milepæl – 45 år i Nomeland M...
26/07/2026

🎉 45 år i Nomeland Maskin AS! 🎉
I dag ønsker vi å gratulere Ola Halvard med en helt spesiell milepæl – 45 år i Nomeland Maskin AS!
Gjennom 45 år har han vært med på ei utrolig reise. Han har opplevd både eigarskifte, generasjonsskifte og utviklinga av bedrifta, og har vore ein trygg og lojal medarbeidar gjennom alle åra.
Det har blitt tusenvis av timar bak spakene på mellom anna Cat 235, 330B, 330C og 330D, og endå fleire timar med solid innsats ute på anlegg. Erfaringa, arbeidsviljen og humøret hans har sett spor – både i prosjekta våre og blant kollegaene.
Slike medarbeidarar er gull verdt. Tusen takk for den fantastiske innsatsen du har lagt ned gjennom 45 år, Ola Halvard. Me er stolte over å ha deg på laget og håpar på mange gode år vidare!
Gratulerer med det imponerande jubileet! 👏🥳

☀️ God sommar frå oss i Nomeland Maskin! ☀️No er sommaren her, og mange av oss tek ein velfortent ferie etter ei travel ...
12/07/2026

☀️ God sommar frå oss i Nomeland Maskin! ☀️
No er sommaren her, og mange av oss tek ein velfortent ferie etter ei travel første halvdel av året.
Me vil gjerne takke alle kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar for tilliten og det gode samarbeidet så langt i år.
Sjølv om det er ferieavvikling, er me ikkje langt unna. Treng du hjelp, er det berre å ta kontakt – du får tak i oss gjennom heile sommaren, og me gjer det me kan for å hjelpe.
Me ønskjer dykk alle ein riktig god sommar! Nyt fine dagar, ta vare på kvarandre og køyr forsiktig. 🌞🚜

🎉 GRATULERER, OLAV! 🎉Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette smakar godt! 😄🍰Olav Vik Braathen har bestått fagprøva i veg- ...
25/06/2026

🎉 GRATULERER, OLAV! 🎉
Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette smakar godt! 😄🍰
Olav Vik Braathen har bestått fagprøva i veg- og anleggsfaget, og både smilet og kaka fortel vel det meste! 👏🚧
Vi er stolte over å ha fått enda ein dyktig fagarbeidar på laget. Gratulerer så mykje med ein flott prestasjon, Olav – dette er vel fortent! 💪

👏 GRATULERER, EMIL! 👏Emil Bergland har bestått fagprøva i maskinførarfaget hos Nomeland! 🚜💪Vi er stolte over å ha fått e...
29/05/2026

👏 GRATULERER, EMIL! 👏
Emil Bergland har bestått fagprøva i maskinførarfaget hos Nomeland! 🚜💪
Vi er stolte over å ha fått enda ein dyktig fagarbeidar på laget. Det ligg mykje arbeid, læring og innsats bak eit fagbrev, og Emil har gjort ein flott jobb gjennom læretida.
Vi gratulerer så mykje med bestått fagprøve og ønskjer lykke til vidare! 🎉

Vi i Nomeland Maskin AS har i dag vore med på ei flott lærlingsamling saman med Olav Martin Sørli AS og Agder Massetrans...
10/04/2026

Vi i Nomeland Maskin AS har i dag vore med på ei flott lærlingsamling saman med Olav Martin Sørli AS og Agder Massetransport 👷🏻‍♂️
Det er inspirerande å sjå for ein bra gjeng lærlingar vi har – med gode haldningar og skikkeleg stå-på-vilje!

Dagen baud på fagleg påfyll, nyttig informasjon om kvartsstøv frå bedriftshelsetenesta og praktiske oppgåver. Vi avslutta ein innhaldsrik dag med gokart 🏎️🏁🏆

Vi er stolte av lærlingane våre – og ekstra stas var det å feire Leander, som nyleg bestod fagprøva 👏🎉

Me i Nomeland gratulerer Leander Kjetså med bestått fagprøve – og det med meget godt resultat! 👏Han har lagt ned ein sol...
08/04/2026

Me i Nomeland gratulerer Leander Kjetså med bestått fagprøve – og det med meget godt resultat! 👏
Han har lagt ned ein solid innsats, og me er stolte av jobben han har gjort. Endå kjekkare er det at han blir med vidare på laget 💪
Gratulerer så mykje, Leander – dette er vel fortent! 🎉

Adresse

Rysstad Industriveg 39
Rysstad
4748

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:00
Tirsdag 07:00 - 16:00
Onsdag 07:00 - 16:00
Torsdag 07:00 - 16:00
Fredag 07:00 - 16:00

Telefon

37936000

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Nomeland Maskin As legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nomeland Maskin As:

Snarveier

Del