Geirmund Øglend Landbruksrådgjeving

Geirmund Øglend Landbruksrådgjeving Utvikling av landbrukseigedom, hjelp til å ta gode valg. Ny bruker, driftsendring eller utbygging, gode råd kan du få frå meg. Strategivalg for å nå mål.

31/01/2026

Les om utfordring med ensilerng og feilgjering. Hvis gras eller grønfor er kraftig gjødsle og protein er opp mot 20% må det brukes mykje ensileringsmiddel fortrinnsvis syre. Alternativt høgt tørrstoff innhold men då er pakking utfordring spesielt i grov masse.

22/01/2026

Det er nå fine forhold til å kjøre ut på jordet for nødvendig vinteroppgaver som rydding av kratt, skoging eller grøftegraving.

15/12/2025

Å velge produksjon på garden kan være ein utfordring. For å lukkast må ein ha interesse og vilje til innsats. Ønsker ein å fortsette som tidligere drift er det ofte bygd opp ressurser ein kan dra nytte av. Det er ein fordel framfor å starte på nytt, men kan og være ein begrensning framover. Start i mindre omfang om mulig og auk etterkvart. Her er det viktig å tenke marked for produserte varer eller har ein avtale med mottaker som vil være avgjørende. Det kan være utfordrende å satse for stort om ein ikkje beherske det og får gjort arbeid i rett tid.

29/10/2025

Etter lang tid uten nye innlegg frå meg her på sida vil eg dela litt då eg ser det er litt besøk. Det er spennande tider å være bonde og mange ting å tenka på om ein skal lukkast. Det er heldigvis blitt lettare å hoppe av om det ikkje blir heilt som tenkt og drømt om, men det kan medføre å selga gården og flytte.
Det går nå mot vinter og då er det lurt å tenke gjennom kva som bør gjerast før våren. Har ein litt oversikt på arbeid så er det lettast når været er som best for utearbeid og så kan ein ta innearbeid når det er dårlig vær. Er det ting ein ikkje får gjort sjølv må det vurderat å leiga tjeneste, då er det greit være tidleg ute med bestilling. Trengs det å kjøpe inn material eller deler til maskinar er det greit å ordna det tidleg for det er kanskje bestillingvare. Idag er det blitt utruleg store variasjon på prisar på varer og tjenester så det kan være greit å undersøke litt.

15/05/2022

Hvis ikkje det er slept dyr på kulturbeite enda er det stor fare for at det blir overvekst om ein månad og dårlig kvalitet resten av sommar en. Tenk over korleis best utnytte beitet i din situasjon.

24/03/2022

Me lever i turbulente tider i landbruket og mange beslutningar må tas, og kanskje spesielt nå i vår.
Kva er det overordna målet for meg og familien? Eg trur det å finna ei driftsform som passer for familien og ikkje sjå seg blind på kva andre gjer er viktig.
Innvesteringar må tas om garden skal ha utvikling. Det kan være ting som koster mykje penger eller mykje arbeidsinnsats. Mest sansynleg ei blanding. Vær litt gal men og realist. Det kan være fornuft i ei stor innvestering når du er ung og har lang tid på å betala ned gjelda, men då er du låst til den produksjonen i lang tid framover (då må du villa det)
Desverre er det slik i dag at dei fleste rundt deg seier sats stort ( bankar, ulike bonusordningar hjå leverandører og mottaker m.m). Men husk uttrykket om at gull kan kjøpast for dyrt og idag!

Skulle jeg satsa på melk måtte jeg utvide produksjonen, bygge løsdrift og skaffa meg mer jord og kvote. Jeg hadde ikke lyst til å være med på den «karusellen» Georg Smedsland
Her er eit bevist valg frå ein bonde idag, kanskje han står seg bedre enn mange andre framover.
Når gardsdrifta blir eit stress går det lett utover kvaliteten i arbeidet. Landbruket idag har små marginar så det viktig å få med mest mulig.

28/02/2022

Det nærmar seg vår og gjødselplanlegging om det ikkje alt er gjort. Ettersom gjødsel er blitt mykje dyrare er det viktig å vurdera kva ein får igjen av auka avling.
Gjødsla beite gjev veldig ulik avling ut frå jordkvalitet og
bebeliggenhet. Her bør det vurderast nøye, også med hensyn på om det er vanskeleg kjørbart. Er husdyrgjødsel aktuelt så sprei det tidleg og i god tid før beiteslepp (prøv å unngå i vekstsesongen). På enkelte beiter er dette nok gjødsel i tillegg til det dyra tilføre gjennom vekstsesongen. Er det noko kvitkløver er det med på å gje nitrogen utover sommaren. Dette er aktuellt hvis det er tilgang på store beiteareal og det lett blir for mykje gras på forsommaren. Hvis beitet blir overvekse og uten mulighet til å pusse det vil det gje dårlig kvalitet utover hausten.
Hvis det tenkes handelsgjødsel bør heilgjødsel vurderast (usikker på pris nå). Heilgjødsel har bedre langtidsvirkning og er mindre forsurande slik at kløver trives bedre.
Totalt sett gjev det mest igjen for å bruka gjødsla der avlingspotensialet er størst men det er avtakande utbytteauke. Bruk oppsatt gjødselplan, ikkje la den bli liggande i ei skuff!

22/12/2021

Vi skriv snart 2022 og nye gleder og utfordringer vil møte deg som bonde. Mange av kostnadene stig og det fortare enn inntektene. Eit spørsmål som kjem meir er likviditet. Det er dyrt med rente på utestående kostnader. For ein bonde idag kjem ikkje statlige tilskott før året etter. Det vil være vanskelig å investere første året, så då bør det være lønnsomt og gjennomtenkt . Når tilskot kjem tenk på faste kostnader i gjennom året slik at du unngår likviditetskrise. Er du blant dei med gode produksjonsresultat klare du deg nok, men tenk gjennom pengebruken. Det kan være fristande med ny bil når tilskot kom på konto. Det har eg gjort ein gong, men det var gjennomtenkt. Allikevel merkast det.

04/12/2021

Det nærmer seg at 2021 er over og eit nytt år med nye muligheter er på vei. Det kan nå være lurt å gjera opp status for dette året om kva som er gått bra og kor det er forbedringsmulighet. Kan være bra å møte eit nytt år med bevisst holdning. Er det områder med forbedringsmulighet som vil gje økonomisk forbedring kan det være lurt å sjå på. Vær litt realist kor høgt målet vert sett då lett miste motivasjon om ikkje klare det. Kan heller løfte mål vidare neste år om det går bra. Det kan og være lurt med litt forbedring på fleire områder, men ikkje så mange at du mister fokus. Lykke til.

07/11/2021

Det er nå tid for innsett av storfe om dei enda er ute. Det kan enda være litt beitegras men det trengs nok full foring sjølv om dei går ute. Ved utegang er det viktig med livd for vær og vind ellers blir det misstrivsel. For det andre blir det lett mykje opptråkk og skade på jordene. Sau treng bra foring i disse dager fram mot bedekking. Er det beitegras igjen så er det god foring med tanke på å få mange foster. Er sauene i godt hold treng dei ikkje mykje kraftfor igjennom vinteren hvis grovforet er bra. Husk mineraltilskot ved små kraftforrasjoner. Mykje kraftfor for å dekka mineral behov kan føre til for feite dyr og er ei kostbar løysing

Adresse

Langaberget 5
Sandnes
4336

Telefon

004793200291

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Geirmund Øglend Landbruksrådgjeving legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Geirmund Øglend Landbruksrådgjeving:

Del