12/06/2026
Hamrevegen i Bergen.
Denne veka har me klikka heilt. Me har blåst noko anna enn Nativo Trefiberisolasjon.
Ein god kunde av oss i Bergen som me har blåst mykje Trefiber for og som ønska Trefiber i dette konkrete prosjektet møtte sin overmann i ein brannrådgiver og måtte ha tak i isolasjon klasse A1 (ubrennbar isolasjon). Nå kunne eg sagt mykje om brannrådgivere og deira evne til å sjå på praktiske tester av isolasjon og brann, men for alle parter trur eg det er best å la var. Uansett så troppa me opp med Insulsafe blåseisolasjon levert av Glava. Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg då som trefiber-mann kjende på ei ørlita skam når eg gjekk ut av bilen og såg pakkane med denne isolasjonen. Det var nesten slik at me gjekk første halve dagen å kikka oss over skuldra i redsel for å bli arrestert. Men etter litt justering av maskineri og folk (mest mentalt) så fann me rytmen og isolasjonen fauk 7 etasjer opp og i veggene. Konklusjonen etter å ha isolert 3 av 5 etasjer er at det går an å blåse Insulsafe. Resultatet vart bra og utførelsen er godkjent av Glava sin representant som var innom.
Trefiber og Insulsafe(Glava) vil for oss aldri bli det same å jobbe med. Det er to heilt ulike produkt med heilt forskjellige egenskaper. Trefiber kjem alltid til å ligga vårt hjerte nærmast🌲. Men me kan tilpasse oss, me kan synde litt. Så kan kunden få det som prosjektet krever. For sjølv om Trefiber klarer seg veldig godt i praktiske branntester så skal me inn i prosjekter tidlig for å få dei etter kvart berømte brannrådgiverne til å sjå litt utafor boksen.
Me kan kort og greit gi kunden det som trengs i eit kvart prosjekt, basert på ein vurdering av prosjektet opp mot ulike produkter sine egenskaper. Det er ein styrke.🙂
Takk til Byggmester Harald Sårheim as for oppdrag. Takk til Optimera AS for levering av Insulsafe. Takk til Glava for hjelp og instrukser på blås og dokumentasjon.
Dei neste vekene blir det 2 boliger, rekkehus og div rehabiliteringsprosjekter med isolasjon frå Hunton Fiber Norge🌲
God helg🙂