22/12/2021
Året som no går mot slutten, vart minst like spesielt som (u)året 2020. Pandemien satte igjen sitt preg på bransjen vår, på Noreg og verda generelt. Pandemi til tross, har Storfjord Betongsaging hatt eit år med mykje spennande oppdrag, og vi er no klare til å møte eit nytt år og dei utfordringane det måtte bringe.
Vi vil nytte anledninga til å takke alle våre kundar og samarbeidspartnarar for året som har gått, og tilliten de har vist oss i val av entreprenør. Vi ser frem til eit fortsatt godt og produktivt samarbeid i 2022 kring våre tenester. Og har du byggjeplanar du treng hjelp å realisere det komande året, så ser vi frem til å høyre frå deg og korleis vi kan bistå!
Vi ønskjer dykk alle ei god jul og eit riktig godt nytt år! Hilsen oss i Storfjord Betongsaging
Entreprenør som driv med betongsaging, kjerneboring, riving og meir innan bygg og anlegg.