20/07/2026
Det har vore hektiske og spanande månader sidan oppstarten av Vest Linje i mars.
Sidan då har vi hatt gleda av å arbeide for Statnett i samband med ombygginga av Båfalli stasjon, bistått Norconsult med anleggsplanlegging og er no engasjert av Bjerke Nettbygg på bygginga av rørstålmaster på 420 kV Sima–Samnanger ved Langvatnet i Ulvik. Her bidreg vi med både innleigde montørar og anleggsleiar.
Før ferien fekk vi flydd ut alle mastene på prosjektet med Super Puma helikopteret til Airlift, og etter ferien går vi i gang med strekkinga.
Men først ventar eit nytt og spanande oppdrag. Saman med Engelsen anlegg skal vi legge to sett med høgspentkablar over Storavatnet på Stord, ei strekning på om lag 2,2 kilometer. Dette er eit prosjekt vi ser fram til å starte opp med dei neste vekene.
Vi vil takke kundar, samarbeidspartnarar og medarbeidarar for tilliten så langt – og ser fram til ein travel og innhaldsrik haust!