12/02/2026
Vi søker etter flere medarbeidere til vårt verksted på Straume.
Lik og del 😊
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 220 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 20 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor, lager og verkstad på Straume i Øygarden kommune.
For å styrke vår verksemd søkjer vi no etter tre nye medarbeidarar:
1. Mekanikar – Verkstad
2. Lærling – Verkstad (anleggsmaskinmekanikarfaget)
3. Lærling – Sveiseverkstad / Stålarbeid / Fundamentering
________________________________________
1. Mekanikar – Verkstad
Som mekanikar blir du ein del av vårt etablerte og kompetanserike fagmiljø. Arbeidet omfattar:
• Reparasjon og vedlikehald av anleggsmaskiner, tilleggsutstyr og mindre maskiner
• Feilsøking på mekaniske, hydrauliske og elektriske system
• Arbeid både ute i felt og inne på verkstad
• Dokumentasjon av utført arbeid i tråd med HMS-prosedyrar
• Bidrag til at maskinparken held ein høg teknisk standard
• Servicebil
Kvalifikasjonar:
• Erfaring som mekanikar eller anleggsmekanikar
• Fagbrev er ein fordel, men erfaring kan kompensere
• Førarkort klasse B (fordel med BE, C1E/C, truck, G4/11)
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• Nøyaktig, løysingsorientert og sjølvstendig
________________________________________
2. Lærling – Verkstad (anleggsmaskinmekanikarfaget)
Som lærling hos oss får du:
• Systematisk og grundig opplæring i faget
• Tett oppfølging frå erfarne fagpersonar
• Varierte arbeidsoppgåver på både små og store maskiner
• Erfaring både frå felt og verkstad
Kvalifikasjonar:
• Interesse for mekaniske fag og anleggsmaskiner
• Evne til å jobbe nøyaktig og strukturert
• Gode samarbeidsevner og læringsvilje
• Motivasjon for å ta fagbrev
________________________________________
3. Lærling – Sveiseverkstad / Stålarbeid / Fundamentering
Som lærling innan sveising og stålarbeid blir du ein del av avdelinga som jobbar med:
• Sveising og reparasjon av graveskuffer og anleggsutstyr
• Arbeid med slitestål, forsterkingar og grov sveising
• Deltaking i fundamenteringsarbeid, inkludert rørspunt og pelemontasje
• Montering, kapping, tilpassing og sveising av rør og peler
• Arbeid både i verkstad og ute på anlegg
• Opplæring i å jobbe etter teikningar, prosedyrar og HMS-krav
Kvalifikasjonar:
• Interesse for stålarbeid, mekaniske fag eller sveisefag
• Gode samarbeidsevner og teknisk forståing
• Lærevillig, presis og trygg på å jobbe etter rutinar
• Motivasjon for å ta fagbrev
________________________________________
Vi tilbyr alle tre stillingar:
• Eit solid og inkluderande arbeidsmiljø
• Moderne verkstad og oppdatert utstyrspark
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Varierte arbeidsdagar med kompetente kollegaer
• Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
________________________________________
Interessert?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål:
• Verksmeister Asmundur Jespersen – 982 46 704
• Personalansvarleg Håvard Jonassen – 970 32 620
Send søknad med CV til: [email protected]
Søknadar blir vurdert løpande.