27/11/2025
Varsel om oppstart av områderegulering og høyring av melding med forslag til plan- og utgreiingsprogram, for Myklebust- og Ramsskredfjellet vindkraftverk
Høyringsfrist 28.11.2025
La Naturen Leve har levert høyringsinnspel:
Brev frå NVE av 3.10.2025, ref. 202511824-23 og melding frå Zephyr AS, rev. 1.9.2025.
Ei melding med forslag til utgreiingsprogram skal avklare kva tema som skal utgreiast, og korleis utgreiinga skal gjennomførast. Meldinga skal gje korrekt og balansert informasjon om prosjektet.
Meldinga frå Zephyr inneheld fleire uklare føresetnader og grove feil som må rettast opp før plan- og utgreiingsprogrammet kan brukast som grunnlag for områderegulering og konsesjonssøknad.
I samandraget er det trekt fleire konklusjonar som det ikkje er dekning for i meldinga:
«For å redusere klimagassutslipp og sikre kraftoverskudd, skal Norge satse på elektrifisering og utbygging av fornybar energi, der vindkraft på land spiller en sentral rolle».
Det står ingen ting i meldinga frå Zephyr som tilseier at vindkraft på land vil spele ei sentral rolle i norsk kraftforsyning.
«Vestland, som allerede er et viktig energifylke med kraftoverskudd, står samtidig overfor økt etterspørsel etter strøm og har i tillegg høye utslipp av klimagasser på grunn av omfattende industrivirksomhet».
I meldinga er det ingen dokumentert samanheng mellom vindindustri i Bremanger og eventuelle tiltak for reduksjon av klimagassutslepp frå industrien i Vestland fylke.
«Etablering av vindkraftverk i regionen vil kunne styrke lokal tilgang på fornybar energi og legge til rette for videre industriell utvikling».
Meldinga har ingen informasjon om at industriell utvikling i regionen er avhengig av vindkraft frå dette prosjektet. Vestland fylke har eit solid kraftoverskot og gjennomgåande 420 kV kraftline frå nord til sør som sikrar stabil kraftforsyning både i våte og tørre år.
«Det har også begrensede natur-, kultur- og friluftsverdier sammenlignet med nærliggende områder, basert på eksisterende kartgrunnlag».
Meldinga inneheld ingen samanlikning av natur-, kultur- og friluftsinteresse med nærliggjande område. Det er ikkje utført registrering av kulturminne eller naturtypar (NiN). På side 3 står det at det er lite kunnskap om artsforekomstar innafor planområdet.
Ei balansert melding skal ikkje konkludere om natur-, kultur- og friluftsverdiar før arbeidet med konsekvensutgreiing blir sett i gang. Bremanger kommune og NVE må krevje at konsekvens-utgreiinga blir utført av eit uavhengig firma med kompetente fagfolk som ikkje har økonomiske interesser i vindkraft.
Miljødirektoratet publiserte oppdatert naturindeks 18. november 2025. Der blir det slått fast at norsk natur er betydeleg redusert. Anleggsarbeid og spesielt bygging av tilkomstvegar til vindkraftanlegg som ligg høgt til fjells, er ein sentral faktor i øydelegging av natur og økosystem.
«Planområdet ligger ved eksisterende Guleslettene vindkraftverk i vest, noe som kan være fordelaktig ved at en kan se på muligheter for felles drift og infrastruktur, noe som medfører at de tekniske inngrepene i naturen samles».
Meldinga har ingen konklusjon om felles løysing for høgspentnettet. I meldinga er det lagt opp til delt vegløysing med adkomstveg frå fv. 614 ved Magnhildskaret og Indrehus. Det gjev uvanleg store og spreidde tekniske inngrep i naturen samanlikna med mange andre vindkraftverk.
Oversiktskartet på side 3 i meldinga manglar planlagde adkomstvegar og kraftliner. I meldinga er det vist til stadnamn som ikkje er lesbare på kartet.
Figur 1 viser at resten av natur- og friluftsområda langs kommunegrensa mot Kinn går tapt dersom det kjem vindkraftverk på austsida av fylkesvegen gjennom Magnhildskaret.
I informasjonsheftet om Guleslettene kommenterer Zephyr verdien av landskapet slik:
«Et område med spesielle landskapskvaliteter (lågfjellsplatå ved kysten med blokkhav) vil endre karakter fra naturområde til et område dominert av tekniske inngrep. Nærvirkningene vil derfor bli omfattende, noe som er vanlig for vindkraftverk».
Figur 1: Oversiktskart som viser samanhengande nedbygging av naturområde frå Botnane til Svartevatnet
1.1 Bakgrunn og formål
Det 2. avsnittet inneheld udokumenterte påstandar som skal forsvare konklusjonane i samandraget:
«Manglende tilgang til elektrisitet vil kunne hindre utvikling av industri og næringsliv, og gjøre det vanskelig å opprettholde konkurransedyktige kraftpriser».
Oppdaterte data frå NVE viser at det er ingen fare for kraftmangel i Vestland fylke eller Bremanger kommune. Kraftprisen blir fastsett av kraftbørsen NordPool. Stor kraftmangel i Tyskland og ustabil vindkraftproduksjon i fleire EU-land og Storbritannia, medfører høge kraftprisar som smittar over til dei tre norske prisområda sør for Dovre. Eventuell vindkraft frå Myklebust- og Ramsskredfjellet vindkraftverk, utgjer altfor lite i europeisk samanheng til at det kan gje utslag i framtidig kraftpris.
Figur 2: Oversikt over norsk vasskraftproduksjon
Figur 3: Oversikt over kraftproduksjon i tidlegare Sogn og Fjordane (NVE 2025). Samla forbruk i desse kommunane utgjer berre 44 % av middels årsproduksjon av vasskraft.
Figur 3 viser at Bremanger er den 4. største vasskraftkommunen i tidlegare Sogn og Fjordane. I 2023 hadde Bremanger eit samla forbruk på 741 GWh. (SSB tabell 10314). Det vil seie at knapt 50 % av vasskrafta blir brukt i kommunen. 680 GWh gjekk til bergverksdrift og industri m.m.
Dei to vindkraftverka Hennøy og Guleslettene, har ein middels årsproduksjon på 850 GWh.
«Lokalt vil etablering av vindkraftverket styrke tilgjengelighet til lokal, fornybar energi, som vil kunne tilrettelegge for industri».
Meldinga inneheld ingen alternativ med direkte levering til lokal industri. Etablering av ny industri er avhengig av kraft i vindstille periodar og må derfor ha nettilknytning eller eventuelt få tilgang til gasskraft eller kjernekraft.
Fjaler kommune vart lurt av ein liknande påstand under planlegginga av vindkraftverk og industriområde på Lutelandet. Frå anlegget i Fjaler kom i drift i 2021, har dei 9 turbinane levert kraft via regionalnettet til Statnett sin stasjon i sentralnettet på Moskog.
https://www.firda.no/eg-trudde-vi-skulle-fa-bruke-straumen-til-industri/s/5-15-1662385
Sjå også punkt 3.7 Nettilknytning:
«Ved planlegging av løsning for nettilknytning er det lagt vekt på hvordan vindkraftverket i størst mulig grad kan kobles til overliggende nett ved bruk av eksisterende nettanlegg».
Figur 4: Registrert kraftproduksjon i prissone NO3 den 23. november 2025 (Kjelde: NordPool)
Figur 4 viser årsaka til at vindkraft er ueigna som kraftkjelde til ny industri i Bremanger. I prisområde NO3 er det montert 599 vindturbinar med totalt 2107,8 MW installert effekt.
Diagrammet frå NordPool 23. november viser 1,3 MW effekt frå desse 599 turbinane i tidsrommet 14:00 – 14:15. Det gjev eit gjennomsnitt på 2,17 kW frå kvar turbin eller 0,6 promille verkningsgrad.
1.2 Kort om planene
«Planområdet befinner seg innenfor område 20, jf. Nasjonal ramme for vindkraft [3]. Dette området er vurdert som egnet for vindkraft, hvor potensiale for produksjon er satt til «veldig bra».
Dette er ein grov feil. Nasjonal ramme for vindkraft omfattar 13 av 43 analyserte område i heile landet. Figur 5 viser utdrag av analyseskjema for forslag 20-A som dekkjer store delar av Kinn og Bremanger. Heile området vart ekskludert av NVE etter forslag frå Miljødirektoratet.
Figur 5: Utdrag av analyseskjema for område 20-A (NVE)
2.2 Samordnet plan- og konsesjonsprosess
På oversiktskartet i samandraget er det markert tre planområde:
«Tiltaket består av tre planområder som strekker seg over Myklebustfjellet, Ramsskredfjellet og Handkletua».
Figur 6: Oversiktskart i meldinga. Alle adkomstvegane ligg utanfor planområda for vindkraft.
Innafor dei tre markerte planområda har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) delegert mynde til å treffe vedtak om konsesjon for vindkraftanlegg.
Kapittel 2 i meldinga gjev ingen informasjon om kva reglar som gjeld for planlegging og bygging av adkomstvegar fram til dei markerte plangrensene for vindkraftverket.
Innafor areal som er markert med stipla blå strek på oversiktskartet, gjeld dei vanleg reglane i Plan- og bygningslova. For å unngå tvil, bør det presiserast at Bremanger kommune er planstyremakt for adkomstvegane.
Bremanger kommunestyre kan stille miljøkrav og bestemme nøyaktig plassering og utforming av adkomstvegane med heimel i pbl. § 12-3 Detaljregulering. Kommunestyre har vetorett og kan avvise alle planforslaget utan at Zephyr får klagerett. Dette går klart fram av retningsliner frå Miljøverndepartementet om planlegging og lokalisering av vindkraftverk:
https://www.nve.no/media/2419/retningslinjer-for-planlegging-og-lokalisering-av-vindkraftanlegg.pdf
«I tilfeller der kommunen ikke ønsker å behandle og legge planforslaget ut til offentlig ettersyn, må kommunen snarest mulig meddele dette til tiltakshaver og NVE med en orientering om grunnlaget for beslutningen. Kommunen kan da avvente NVEs stillingtaken til konsesjonssøknaden før den vurderer å fremme reguleringsforslaget. Om kommunen ikke fremmer planforslaget kan tiltakshaver få prøvet spørsmålet om utleggelse av planforslaget i kommunestyret, men det er ikke klageadgang på kommunestyrets vedtak om ikke å legge et planforslag ut til offentlig ettersyn».
3.3 Hoveddata for vindkraftverket
Det er ikkje samsvar mellom tabellen på side 16 og oppdaterte data på https://zephyr.no/.
Navhøgde og rotordiameter må reknast som grunnleggjande føresetnar for ei konsekvens-utgreiing. Kap. 3.5.1 må oppdaterast med korrekte data.
Lengda på turbinblada har mykje å seie for standarden på anleggsvegane og konsekvensane for landskap og naturmiljø. Planprogrammet må avklare nøyaktige geometriske krav til vegstandard og turbinar for å unngå endringar etter at KU-rapporten er levert.
I 2017 fekk selskapet Austri Vind DA løyve til å endre turbintypen frå 3,6 til 4,5 MW. Rotordiameteren auka frå 117 til 150 meter utan at NVE fann grunn til ny offentleg høyring. (NVE ref. 201206641-109).
Figur 7: Oppdatert prosjekt frå Zephyr med data for turbintype Vestas V162-6,2 MW IEC S
3.5.1 Vindturbiner
NVE bør krevje at fundamenta blir tilpassa eksisterande bergflater slik at det ikkje blir behov for sprenging. Fundamenta må sikrast med innstøypte strekkstag i berggrunnen. Dette vil gjere det mogleg å fjerne fundamenta utan store og varige spor i overflata. Løfteutstyr må dimensjonerast for skrått underlag slik at det ikkje blir behov for dei store flate oppstillingareala som vi ser ved eldre vindkraftverk.
Risikoen for turbinhavari bør reduserast ved å stille strengare kvalitetskrav. NVE bør krevje at turbinprodusenten leverer dokumentasjon av testresultat og sikkerheitsfaktorar.
3.6 Adkomst og transport
Total lengde på adkomst- og internvegar er vurdert til 49 km. Samla arealbehov er utrekna til ca. 1400 daa.
Kartgrunnlaget i meldinga er altfor lite detaljert til at det er mogleg å vurdere høgde på skjeringar og fyllingar. Det kan medføre grove feil ved utrekning av arealbehov. Bremanger kommune og NVE må krevje innsyn i tverrprofil og utrekning av areal før KU-programmet eventuelt kan godkjennast.
Vegkonsulenten bør levere gps-data for kvar 10. meter for senterlinene i alle vegane. NVE og kommunen bør leggje ut gpx-filer for nedlasting til mobiltelefon. Det vil gjere det lettare for turgåarar og grunneigarar å finne nøyaktig plassering av traseane i terrenget. Nøyaktig plassering av turbinar og oppstillingsplassar må også kunne visast på ein vanleg mobiltelefon.
Bremanger kommune og NVE må krevje at alle vegar skal planleggjast med sikte på fjerning og tilbakeføring til naturleg terrengnivå ved utgangen av konsesjonsperioden. Vegane må derfor byggjast med minst mogleg sprenging og masseflytting. Vegetasjonsmassar bør leggjast til side og ikkje flyttast langs vegen. Dette er viktig med tanke på reetablering av naturleg vegetasjon etter at vegen er fjerna. Dette gjeld både adkomstvegar, internvegar, oppstillingsplassar og eventuelle massetak.
Ramsskredfjellet
Orienteringa om den 10,5 km lange adkomstvegen inneheld berre fire setningar. To alternative vegtrasear er skisserte på eit kart med 20 meter ekvidistanse (loddrett avstand mellom høgdekurvene). Med dette kartet er det ikkje mogleg å vurdere arealinngrep eller konsekvensar for natur og miljø. Ei konsekvensutgreiing på dette grunnlaget vil bli fullstendig verdilaus som grunnlag for planvedtak etter Plan- og bygningslova § 12-3.
Plankart med fem meter ekvidistanse avslører fleire kritiske strekningar på adkomsvegen med store knausar og bratt terreng. Sjå figurane 8 – 14.
Det blir spesielt store og skjemmande terrenginngrep i stigninga frå 250 til 550 meter over havet. Her er det skissert to ulike alternativ.
Alt. 1 går gjennom eit utfordrande hylleterreng med bratte skrentar og flatare parti som vil gje store naturinngrep. 80 meter lange turbinblad vil sveipe over eit stort areal på utsida av vegbana. Der vegen svingar, vil dette krevje omfattande skogrydding og ekstra stor breidde på vegskjeringar.
Begge alternativa har skarpe kurver som byr på store utfordringar. Alternativ 1 har slyng med 180 grader retningsendring ved Sagelva litt nedanfor Demmevatnet.
Alternativ 2 har slyng i bratt terreng på sørsida av kraftlina ved Dauremålet. Figur 10 og 11 viser enkle prinsippskisser av vegtraseane på kart med 1,0 meter ekvidistanse.
Zephyr må skaffe sporingskurver frå aktuelle transportfirma og levere dokumentasjon som viser sveipeareal for turbinbladet gjennom alle kurvene på vegen.
Figur 8: Skissert adkomstveg til Ramskredfjellet på kart med 20 m ekvidistanse
Figur 9: Nedre del av adkomstvegen med to alternativ ved Indrehussætra. Kart med 5 meter ekvidistanse
Figur 10. I alternativ 2 kryssar adkomstvegen kraftlina ved ca. kote 325. Her stig terrenget 75 meter på 100 meter horisontal avstand. Det er langt over naturleg rasvinkel slik at vegen byggjast med høge murar.
Figur 11: Trappetrinn i terrenget nedanfor Demmevatnet gjev store utfordringar med djupe fjellskjeringar og høge murar i begge alternativa
Figur 12: Nedre del av adkomstvegen vist på flyfoto
Figur 12 viser at det er lite vegetasjon over skoggrensa, 400 - 450 meter over havet. Her blir det spesielt viktig å redusere bergsprenging til eit minimum med tanke på reetablering av naturleg terreng når vegen skal fjernast.
Figur 13: Øvre del av adkomstvegen til Ramskredfjellet på kart med 5 m ekvidistanse
Figur 13 viser sikksakk-stigninga vest for Litle Teigvatnet. Vegen stig 200 meter på denne strekninga. Her er det ingen vegetasjon. Bremanger kommune bør stille krav om at vegen skal byggjast på mur av natursteinblokker for å unngå sprenging som vil gje varige sår i naturen etter at vegen er fjerna.
Anleggsvegen vidare innover fjellet er ikkje vist på plankartet. Her blir det også store utfordringar fordi planområdet er delt av eit 100 meter djupt dalsøkk i nord-sør-retning. Bremanger kommune må krevje at Zephyr legg fram realistiske planar for kryssing av dalen. I tillegg må nøyaktig plassering av turbinar og internvegar markerast på oversiktskartet.
Figur 14: Øvre del av anleggsvegen til Ramsskredfjellet på flyfoto. Her er det ingen vegetasjon som kan gøyme naturinngrepet
Figur 15: I meldinga er det vist omriss av planområde for 7 vindturbinar på Ramsskredfjellet. Plankartet i meldinga viser ingen vindturbinar eller interne vegar.
Myklebustfjellet, Snøfjellet og Blålidalsfjellet
Figur 16: Skissert adkomstveg frå Guleslettene til Myklebustfjellet og Handkletua på kart med 20 meter ekvidistanse
«Adkomst til Myklebustfjellet er vurdert med utgangspunkt å benytte eksisterende veg til Guleslettene vindkraftverk. Ny vei er skissert fra eksisterende veianlegg ved Guleslettene, og frem mot planområdet på Myklebustfjellet som vist på Figur 3-3. Det vil gjøres nærmere vurderinger av endelig plassering, og eventuelt behov for tunnel, ved detaljprosjektering».
Dette er heile orienteringa om vegplanen mellom Magnhildskaret og Myklebustfjellet. Meldinga gjev ingen logisk forklaring på eit eventuelt behov for tunnel på denne strekninga.
Guleslettene vindkraftverk har konsesjon fram til 31.12.2045. Då skal vegen fjernast, jf. Punkt 5 i konsesjonsvilkåra:
«Konsesjonær skal innen utgangen av det 12. driftsåret for anlegget oversende NVE et konkret forslag til garantistillelse som sikrer kostnadsdekning for fjerning av vindturbinene og tilbakeføring av området ved utløp av driftsperioden, jf. energilovforskriften § 3-5 d».
Handkletua
"Videre er det vurdert at adkomsten til Handkletua vil opprettes som en videreføring av adkomsten til Myklebustfjellet (Figur 3-3). Her er det også vurdert flere alternativer".
På kartskissa kryssar vegen Vasskaret mellom Myklebustfjellet og Handkletua. Konsulenten som brukar detaljerte 3D-modellar av terrenget ved prosjektering, må ha vore klar over at det ikkje er mogleg å byggje veg etter denne skissa! Meldinga har ingen informasjon om kva andre alternativ som er vurderte.
Den skisserte vegen til Handkletua stoppar 650 meter over havet, 261 meter under toppen. Det er lite realistisk å byggje adkomstveg heilt opp for å byggje 2 – 4 turbinar på toppen av fjellryggen.
Ein stor del av planområdet ligg meir enn 200 meter under toppen av Trollnipa og blir godt skjerma mot vind. Zephyr bør ha forstått at dette området er heilt ueigna for vindkraftverk!
Planområdet ved Handkletua burde ha vore fjerna før meldinga vart publisert.
Figur 17: Omriss av planområde for 4 vindturbinar ved Handkletua og prinsippskisse av prosjektert adkomstveg gjennom Vasskaret.
Figur 18: Kartutsnitt med detaljerte høgder i Vasskaret. Det er ikkje mogleg å byggje veg for transport av lange turbinblad til Handkletua utan ei lang bru over Vasskaret eller tunnelar på begge sider!
3.6.2 Alternativer for transport av turbindeler
Ramsskredfjellet
Mottak av turbinblad ved Ytrehus krev omfattande tiltak på land i tillegg til lekter og kaianlegg. Erfaringane frå Guleslettene viser at det kan bli behov for utskifting av turbinblad lenge før konsesjonsperioden går ut. Dermed kan vegen til eit mellombels kaianlegg bli liggjande i 25 - 30 år. Konsekvensutgreiinga må omfatte kaianlegg med naudsynt lagerplass og adkomstveg.
Myklebustfjellet og Handkletua.
Tiltakshavar presenterer seg sjølv som eit selskap med sterk lokal forankring i punkt 1.3 i meldinga. Selskapet bør dermed ha god oversikt over tunneltverrsnitt og fri høgde i tunnelane på fv. 614 og rv. 5. Maksimal lengde på turbinblad som kan transporterast gjennom tunnelane, burde ha vore avklart før meldinga vart publisert.
Sjå artikkel i Firdaposten, publisert 18.09.2025:
https://www.firdaposten.no/har-10-centimeter-klaring-gjennom-haukatunnelen/s/5-16-934140
«– Kvifor må de rygge med turbinblada heilt til Grov?
– Det er på grunn av Haukåtunnelen. Turbinblada går gjennom tunnelen berre i ei retning. Spissen må vende mot aust. Når bladet blir transportert opp att i vindparken kan ein køyre gjennom med flensen først og det er berre 10 centimeter klaring».
Figur 19: Transport av eit 67 meter langt turbinblad til Guleslettene i 2020 (Skjermdump NRK)
Guleslettene vindkraftverk har 47 turbinar av type Vestas V136 som har 67 meter lange turbinblad. Austri Vind sitt anlegg på Kjølberget frå 2020, har dei største vindturbinane i Noreg. Rotordiameteren er 150 meter. Dette er 10 % over turbinblada i Guleslettene. Dei planlagde turbinane på Myklebustfjellet har 20 % større turbinblad enn Kjølberget! Det verkar lite sansynleg at desse blada kan transporterast gjennom Haukåtunnelen utan omfattande utviding av tunnelprofilet.
Før arbeidet med konsekvensutgreiing eventuelt blir sett i gang, må Zephyr finne ut kva som er maksimal høgde og lengde på turbinblad som kan fraktast til Myklebustfjellet frå Fjordbase eller frå kaianlegget ved Indrehus.
3.7 Nettilknytning
Traseen for ny 132 kV-line mellom Ramskredfjellet og Svelgen III, går ikkje langs eksisterande høgspentline mellom damanlegget og kraftstasjonen. Meldinga forklarar ikkje kvifor lina frå vindkraftverket er prosjektert i ein ny trase.
3.7.1 Intern kabling og transformatorstasjon
NVE må stille krav om at all intern kabling blir lagt inn i vegfyllingane slik at det ikkje blir behov for sprenging av kabelgrøfter for å innfri krava til overdekning. Det kan gjere det mogleg å fjerne vindkraftverk og kablar ved utgangen av konsesjonsperioden utan varige spor.
3.9 Arealbruk og eiendomsforhold
«Ved et eventuelt masseunderskudd vil det bli behov for tilkjøring av masser fra masseuttak.»
Vurderingane av massebalanse er truleg basert på tradisjonell vegbygging med store fjellskjeringar. Erfaring frå mange andre vindkraftverk, viser at dette medfører store sår i landskapet slik at det blir umogleg å gjenopprette eksisterande terreng etter at vindkraftverket er nedlagt. Planlegging av arealbruk må i størst mogleg grad baserast på tilkøyrde massar og steinblokker til bygging av adkomstvegar og interne vegar. Dersom det er for lite masse i dei gamle deponia frå kraftutbygginga, bør det vurderast om eventuelle massetak kan plasserast mellom kote 490 og 462 i Litle Teigvatnet. (Vatnet er regulert 462-494).
5.15 Klimagassutslipp
Overskrifta bør supplerast med«Miljødeklarasjon, EPD» for å sikre dokumentasjon av materialutvinning, produksjon og transport av alle komponentane i vindturbinar og nettanlegg.
Ein miljødeklarasjon, kjent frå engelsk Environmental Product Declaration (EPD), er eit kortfatta tredjeparts verifisert og registrert dokument med transparent og samanliknbar informasjon om materialane i heile livssyklusen frå mineralutvinning til riving og gjenvinning.
Rare Earth Elements – REE
Utvinning av råstoff til produksjon av permanente magnetar i vindturbinar, gjev store negative miljøkonsekvensar med hogging av tropisk regnskog, etablering av enorme deponi med radioaktivt avfall og ukontrollert utslepp av miljøgifter i naturen.
«The costs are felt by workers and the local population. Across the mining region, workers complain of coughing, numbness, skin conditions and kidney issues, all known health risks from the chemical cocktail used in the mines».
Myanmar’s rare earth boom | Global Witness
https://globalwitness.org/en/campaigns/transition-minerals/fuelling-the-future-poisoning-the-present-myanmars-rare-earth-boom/
The dirty secrets behind Myanmar's rare-earths boom – DW – 05/24/2025
https://www.dw.com/en/the-dirty-secrets-behind-myanmars-rare-earths-boom/a-72530460
NVE må stille krav om at det ikkje skal brukast råmaterialar frå gruver i land som til dømes Mayanmar og andre land med eit politisk system som ikkje gjev korrekt informasjon om kvar materialane kjem frå.
EPD må supplerast med krav om dokumentasjon av løns- og arbeidsmiljø for heile verdikjeden frå gruveindustri til transport og montering av turbinar og elektrisk anlegg.
Balsatre frå tropisk regnskog
Produsentar av turbinblad har brukt balsatre i produksjonen fordi materalet har god styrke i høve til vekt. Dette har medført rovdrift på tropisk regnskog i Amazonas-regionen. Den norske regjeringa har lova bort 30 milliardar kroner til Tropical Forests Forever Facility (TFFF) for å dempe konsekvensane for urfolk og naturmiljø i fleire land med tropisk regnskog. Men subsidiert rydding av regnskog for å få større areal til lovleg produksjon av balsatre, gjev ingen berekraftig produksjon av materialar til turbinblad.
Sjå informasjon på https://blackout-news.de/
Balsaholz für Windkraftanlagen stammt zu über der Hälfe aus illegalem Holzeinschlag
NVE må krevje dokumentasjon på at turbinblad ikkje inneheld balsatre eller andre treslag frå tropisk regnskog.
Bisfenol A (BPA)
BPA er eit hormonforstyrrande stoff som kan påverke forplantningsevna hos dyr og menneske. Turbinblad som inneheld BPA kan ikkje resirkulerast eller gjenvinnast.
NVE bør krevje at produsenten av turbinblad leverer EPD med garanti for at det ikkje blir brukt epoxy eller tilsetningsstoff som inneheld BPA.
5.6.3 Vannforurensning
«I driftsfase estimerer Vestas og Siemens Gamesa, som produserer vindturbiner, en slitasje på turbinbladene som kan medføre 150 - 200 gram mikroplast per vindturbin per år. Vindturbiner vil likevel ikke utgjøre en like stor utslippskilde som utslipp fra dekkslitasje, vegstøv og gummigranulat fra kunstgressbaner. [15]»
Dette er gamle data frå produsentane som truleg er basert på eldre turbinar med mindre rotordiameter. Mange av desse turbinane står i eit snillare klima i Danmark og Tyskland. Slitasjen aukar med større rotordiameter. Dette er presisert i NVE-rapport frå 2022 (referanse 15):
«En av de viktigste parameterne for slitasje er hastigheten som oppnås lengst ut på bladet, tupphastigheten. Høyere tupphastighet fører til større slitasje, blant annet fordi kollisjonsenergien mellom turbinblad og partikler i luften øker».
Samanlikning med utslepp av gummigranulat frå grasbaner er også litt pussig etter at EU har innført forbod mot omsetning av dette materialet frå 17. oktober 2031. Miljødirektoratet opplyser at plasthaldig fyllmateriale er mellom dei største kjeldene til mikroplast i Noreg og EU.
https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/avfallstyper/gummigranulat-fra-kunstgressbaner/
Zephyr som har driftsansvaret for 47 turbinar på Guleslettene, bør leggje fram dokumentasjon som forklarar kvifor mange turbinblad måtte reparerast etter knapt fem års drift.
Driftsleiaren i Guleslettene vindkraft gav denne forklaringa til Firdaposten i september 2025:
«– Det er innafor normalen med slikt vedlikehald etter fem års drift. Vi tek ned rotorblad som vi etter droneinspeksjon har funne ut treng reparasjon og vedlikehald. Vi har no reparert ni turbinblad, fortel han.
Det er mogleg å gjere mindre reparasjonen hengande i ei arbeidskorg, men det er utfordrande når det er så mykje vind. Det er ein klar fordel å gjere jobben på bakken.
– Kva type skader er det?
– Nokon har fått treff av lynnedslag. Det kan ha oppstått små sprekker eller at laminatet har fått ein bul, forklarer Hatleset».
«På Fjord Base er eit vedlikehaldsteam frå vindturbinprodusenten Vestas i sving med reparasjonar og forsterking av turbinblad».
https://www.firdaposten.no/har-10-centimeter-klaring-gjennom-haukatunnelen/s/5-16-934140
Årleg slitasje på 50 – 70 gram per turbinblad, gjev ein samla slitasje på 250 – 350 gram etter fem år. Dersom slitasjen på kvart blad er så liten, er det meir enn merkeleg at Zephyr måtte leige inn eit vedlikehaldsteam frå turbinprodusenten og sende tre turbinblad heilt til Florø for reparasjon.
Figur 20: Reparasjon av turbinblad frå Guleslettene etter knapt fem års drift (Firdaposten)
Det er mangelfull og sprikande kunnskap om slitasje og utslepp av mikroplast frå vindturbinar. NVE kan opparbeide eit betre kunnskapsgrunnlag ved å krevje innsyn i alle data frå reparasjons-arbeidet på Guleslettene og Fjordbase. Prøve av slipestøv som er samla opp frå dei 9 reparerte turbinblada, bør sendast til analyse ved eit uavhengig laboratorium.
Sjå også ytring om vindkraft og nanoplast i naturen som vart publisert i Universitetsavisa 25.11.2025. Anne Fiksdal som er professor emerita innan kjemi ved NTNU, meiner at risikoen ved aukande mengder nanoplast i naturen er undervurdert.
«Skadene ved nano/mikroplast fra vindturbiner er underkommunisert. Vindturbinblader består av kompositt-materialer. Overflaten er dekket av et belegg av robuste plastbaserte materialer som beskytter mot regn, sol, vind, partikler osv. Over tid gir overflateslitasje og erosjon omfattende fragmentering av plastmaterialet, og store mengder mikro- og nanoplaststøv spres i naturen fra hver vindturbin i løpet av dens levetid på 20-25 år. Miljødirektoratets anslag fra 2020 for mengde nano/mikroplast som frigjøres ved slitasje på vindturbinvinger varierer mye, mens middelverdien er ca 60 kg pr turbin pr år».
Alle private brønnar som kan få avrenning frå anleggsområdet, må kartleggjast. Risiko for ureining ved oljelekkasjar eller arbeidsuhell må utgreiast både i byggjeperioden og ved drift av anlegget. Risikoanalysen bør baserast på ei komplett liste over alle hendingar med havari, brann eller oljelekkasje frå vindkraftanlegg dei ti siste åra.
6.2.3 Reindrift
Dette temaet bør erstattast med «Konsekvensar for hjort og hjortejakt».
Eit par år med anleggsarbeid kan medføre at hjorten trekkjer bort frå området. Eventuelle trekkruter som kryssar adkomstvegane eller planområda må kartleggjast, og fagfolk må vurdere om det er sannsynleg at hjorten vender tilbake når turbinane blir sette i drift.
6.2.13.1 Kommuneøkonomi
«Tiltaket kan potensielt gi reduserte strømregninger for husholdninger og næringsliv som styrker kjøpekraften i husholdningene og øke lønnsomheten i industrien, både i kommunen og regionalt».
Det er ingen dokumentert samanheng mellom vindkraftproduksjon og straumrekningar. Hushaldningane risikerer derimot at nettleiga aukar dersom lokale nettselskap må dekkje ein del av kostnaden med opprusting av lokal- og regionalnettet mellom Indrehus og Ålfoten. Meldinga inneheld ingen avklaring om kostnadsdeling mellom utbyggjar og nettselskap ved dei ulike nettalternativa.
Natur og biologisk mangfald
NVE bør krevje at meldinga blir supplert med tre avsnitt frå Miljødirektoratet sin rapport om naturindeks av 18. november 2025:
«– Vi har alltid levd av og med naturen i Norge. Og vi er helt avhengig av naturen for å leve gode liv – med frisk luft, rent vann og naturopplevelser. Nedbygging og ødeleggelse av natur svekker økosystemene, truer arter og er en kilde til klimagassutslipp. Naturindeksen viser at det er utfordringer, og gir oss viktig informasjon som kan bidra til at arbeidet med å ta vare på natur blir mer treffsikkert, sier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Naturindeks for Norge viser at det fortsatt er en lang vei å gå for å stanse tapet av biologisk mangfold. Skog og åpent lavland er økosystemene som får lavest verdi i naturindeksen. Her er de negative effektene av arealbruk og inngrep store, sier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Naturindeks for Norge ble utviklet for å følge opp Norges forpliktelser om å ta vare på naturen, både nasjonalt og internasjonalt. Den måler hvordan det biologiske mangfoldet endrer seg over tid i økosystemene skog, åpent lavland, kyst, hav, ferskvann, fjell og våtmark».
https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2025/november-2025/ny-naturindeks-norsk-natur-betydelig-redusert/
Sjå også liste over relevante internasjonale konvensjonar:
https://miljostatus.miljodirektoratet.no/miljomal/naturmangfold/miljomal-1.1
Krav til detaljeringsgrad
Adkomstvegar, internvegar og turbinplassering må plasserast nøyaktig før det blir mogleg å vurdere alle konsekvensane av tiltaket. Figur 18 viser minimumskrav til kartgrunnlag.
Figur 21: Krav til detaljeringsgrad for internvegar og plassering av turbinar (eksempel frå eksisterande vindkraftanlegg).
Oppsummering og konklusjon
Meldinga brukar villeiande informasjon om kraftsituasjonen i Bremanger som argument for utbygging av meir vindkraft. Behovet for vindkraft til ny industri er ikkje dokumentert.
Meldinga er lite detaljert og har store manglar når det gjeld adkomstvegar, internvegar og nettilknyting. Det manglar informasjon om lengde på konsesjonsperioden. Meldinga må supplerast med krav om spesiell prosjektering med sikte på fjerning av anlegget og tilbakeføring av naturleg terreng ved slutten av konsesjonsperioden.
NVE bør vurdere om sakshandsaminga kan avsluttast med heimel i Energilova § 2-1:
c. tiltaket helt eller delvis er planlagt plassert i et område hvor det er særlig fare for naturskade
d. tiltaket vil medføre vesentlige ulemper for miljø eller annen arealbruk som klart overstiger nytten ved tiltaket
Dersom NVE treng meir dokumentasjon før det blir gjort vedtak, må meldinga sendast tilbake til Zephyr med krav om retting av feil og levering av etterlyst dokumentasjon.
Eg viser også til Energilova § 2-3. (Mangelfull melding eller søknad).