10/08/2024
Vil du vere med å hjelpe våre kundar over i framtida, gjennom bruk av ny teknologi?
VOLTI AS er registrert elektroinstallatør, med elektroavdeling på Green Yard Kleven i Ulsteinvik, og automasjonsavdeling i Ørsta.
Vår elektroavdeling leverarar alt frå komplette elektriske designpakkar for framdrift og kraftproduksjon til nybygg og retrofit, til elektroinstallasjon og service for alle typar skip.
Vår automasjonsavdeling leverar overvaking og styring av prosessanlegg, handteringssystem og maskiner til fiskeri, oppdrett, offshore etc. Med eigen tavleproduksjon har Volti enkel tilgang til skreddarsaum for våre kundars behov.
Vi i Volti søkjer engasjerte og talentfulle medarbeidarar i fleire ulike stillingar, for å møte ei betydeleg auke i prosjekt framover.
Til vår avdeling på Green Yard Kleven i Ulsteinvik, søkjer vi difor:
- Elektrikarar, gjerne med maritim fordjuping
- Elektroingeniørar for design og prosjektering av maritime elektriske anlegg.
- Automasjons-/elektroingeniørar for prosjektering av kontrollsystem og tavlesystem for tekniske system.
- Elektromekanikarar for service og vedlikehald av elektrisk roterande maskiner.
- Prosjektleiarar elektroinstallasjon og service
Send ein DM om du, eller nokon du kjenner, kan vere interessert i å vere med på ei spennande reise saman med oss i Volti.
Vi i VOLTI er nok "over gjennomsnittet" interessert i tekniske løysingar, maritime anlegg og har eit ynskje om å kunne hjelpe kundar med å kunne ta i bruk ny teknologi for å betre prosessar, energieffektivitet, miljøavtrykk og dermed bidra til å auke våre kundars konkurranseevne.