19/08/2026
Ei aldri so lita oppdatering, i dag på tampen av onsdag 19.august 2026,-ikkje heilt ferdig med ferien enno, men la no det so være..-det er fleire grunnar til det. (Som til dømes at ein strekkjer seg vel longt for å hjelpe den potensielle kunden til å kome i mål med sine ynskjer, hjelpe han eller ho med å realisere sine draumar osv..-det er trass alt den største enkeltinvesteringa longt med dei fleste gjer i løpet av livet.
Då spelar ikkje ferie noka stor rolle!-om de skjønar korleis ein seljar fungerar i praksis…
Og når vedkomande spelar ut ynskja, behova, forventningane, og sist men ikkje minst, når dei fortel om budsjettet sitt,-og sjef Tove teiknar og konstruerar, og gjer alt ho kan for å kunne «treffe» det kunden vil ha, som i dei siste tilfella er basert på tidligare kundar sine erfaringar med oss, (les; gode, sannferdige ambassadørar) der vi også har levert og fått nøgde kundar, Bygt for å vare», må vite!
Vi møter kundane basert på tidligare nøgde kundar sine opplevelsar, (les; omdømme, seriøsitet, kvalitet, kommunikasjon osv.osv) ja då strekkjer vi oss langt, kanskje i nokre tilfeller litt for langt, for vi vil kundane våre sine beste, og vi skal levere, vi skal ha tillit, både vi og kunden skal ha forutsigbarheit for framdrift, kvalitet , og levere, på tid, på forventningar og ikkje minst økonomisk kvalitet.
Tok ei runde på prosjekta i dag, og det er so kjekt å sjå at dei som vi har valt, leverer…-vi har toppa laget enno ein gong.
Det er ikkje «just in time», -det er nok faktisk litt betre enn det.
Vi er litt før annonsert framdrift, og er då i «rute», og eg håpar no berre at vi kjem i mål med dei komande forhandlingane…
Det er kjekt å arbeide med, og ikkje minst,-møte so mykje kjekke folk rundt om i distriktet, som har tankar om korleis dei vil ha det i sin heim, -og det er mykje spesialteikna, spesielt tilpassa einebustader det går i no.
Tove har ikkje mindre enn fire på teiknebrettet sitt i dag, i tillegg til den signerte kontrakta i dag.
Gratulerer!
Godt jobba!
Som om det ikkje er nok, skal undeteikna i løpet av dei neste 2 dagane/ettermiddagane/kveldane ha like monge forhandlingar om nye einebustader..-so får vi håpe vi leverer i overenstemnelse med deira forventningar💪
Time will show!👌👍