Utemiljø

Utemiljø Utemiljø vart etablert våren 2000 av Erling Torvik som eineeigar og dagleg leiar, og status er den same i dag. Filosofien vår er at det enkle er det beste.

Erling kunne i 2016 sjå attende på 20 år som anleggsgartnar og hagedesigner. Vi har base på Søre Sunnmøre, og det naturlege nedslagsfeltet er Sunnmøre og Nordfjord. Marknaden har heile tida i all hovudsak vore private, med vekt på nyanlegg, men og ein del rehabilitering og vedlikehald. I tillegg til å utføre arbeid har også Utemiljø eit salsapparat via samarbeidspartnerar på aktuelle produkt til u

terommet, sjå eiga liste under produkt i menyen øvst på sida. Vi tek kunden sitt ynskje om eit minimum av vedlikehald på alvor. Samstundes er det viktig at individuelle ynskjer og behov blir tekne vare på. Vidare er det og slik at stadrelaterte omsyn ofte må takast, det er ein gong slik at to hagar er ikkje like. Det kan og være at spesielle tilhøve gjer at kunden i samråd med oss vel si eiga løysing, eller ein vel å bygge vidare rundt naturgjevne element. Vår visjon er at alle skal kunne ha råd til å ha det fint rundt seg. Det skal kunne gå an å gjere forbetringar på eigedomen sin uten for store kostnader, difor tilbyr vi heile prisspekteret. Det vil være ei glede for oss å kunne sette signaturen vår på akkurat ditt prosjekt, ta meir enn gjerne kontakt for ein uforpliktande hageprat.

Adresse

Ytrestøylen 41
Volda
6105

Telefon

+4795235560

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Utemiljø legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Utemiljø:

Del

Type