Volda Maskin As

Volda Maskin As Volda Maskin AS - Vi er der det skal byggast! Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområder.

Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Med 70 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.

Hels på dei nye yrkessjåførlærlingane våre! 😎 Thea Unhjem og Julie Driveklepp er i gong med den praktiske delen av læret...
11/02/2026

Hels på dei nye yrkessjåførlærlingane våre! 😎 Thea Unhjem og Julie Driveklepp er i gong med den praktiske delen av læretida si, etter 19-vekerskurs på Kristiansund VGS. No køyrer begge el-semiar på prosjekt i Ålesund, noko dei mestrar godt. Velkomne til Volda Maskin 😊

20/01/2026

Open lenke i kommentarfeltet.

22/12/2025
Litt endringa for dei som er tenkte seg til og frå bya dei tre første kveldane å fram på morgenkvisten🤔😊
18/11/2025

Litt endringa for dei som er tenkte seg til og frå bya dei tre første kveldane å fram på morgenkvisten🤔😊

‼️Nattestenger veg mellom Lerstad og Nørvasundet‼️

Frå tysdag kveld 18. november og til fredag morgon 21. november blir det støyande arbeid og nattestengt veg på E136 mellom Lerstad og Nørvasundet. Vegen blir heilt stengt mellom 22.00 og 06.00.

Arbeidet er ein del av Bypakke Ålesund og no skal Statens vegvesen skal fjerne midt-rekkverk, frese og asfaltere i området mellom Lerstad ridesenter og Vandbergundergangen.

- Grunnen til at vi fjerner det gamle midtrekkverket er at vi skal forskyve trafikken mot nord slik at vi får plass til bygge ferdig mest mulig av ny veg på strekningen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Ved å flytte køyrefeltene mot venstre i bildet, får vi bygd nytt midtrekkeverk og nye køyrefelt for austgåande trafikk. (Illustrasjonsfoto: SSV)

Endrar fartsgrensa på strekninga
Denne strekninga på E136 får nedsatt fart til 70 km/t, der det før har vore 80 km/t.

I dag var det kjekt å kunne gjere litt ekstra stas på to nye medlemer i "20-års klubben".🥳Lauritz og Runar er tildelt ME...
24/10/2025

I dag var det kjekt å kunne gjere litt ekstra stas på to nye medlemer i "20-års klubben".🥳
Lauritz og Runar er tildelt MEF si fortjenestemedalje i sølv for 20 års tjeneste i Volda Maskin 👏😀
Vi takkar for stor og god innsats i disse åra, og ser fram til fortsettelsen 😀

🍂 God helg til alle 🍂

Nerlandsøybrua 23. oktober 2025  -  fredelige omgivelsar enn på lenge. Det er siste dagane vi har maskiner i arbeid her,...
24/10/2025

Nerlandsøybrua 23. oktober 2025 - fredelige omgivelsar enn på lenge. Det er siste dagane vi har maskiner i arbeid her, etter 3 år i oppdrag for Bertelsen og Garpestad er tida inne for å takke av eit spennande prosjekt 🙂
Vi ynskjer øybuarane til lukke med flotte bru, og trygg gang- og sykkelveg. 😀

Denne veka vart det feira gjennomslag på Kongshaug Renseanlegg, der arbeidsfellesskapet B&G Tunell og Volda Maskin har s...
10/10/2025

Denne veka vart det feira gjennomslag på Kongshaug Renseanlegg, der arbeidsfellesskapet B&G Tunell og Volda Maskin har sprengt ut og transportert store mengder stein frå tunellar og berghallar. Det var oppstart i februar, og no har over 150 000 fm3, eller vel 400 000 tonn, blitt transportert til H.I. Giørtz. 80% av transporten har blitt utført med EL-semiar som har fungert utmerket til oppdraget. 💪🤩

God helg i ruskeveiret😊🌟

NRK belyser eit viktig tema, det trengs fleire yrkessjåførar i åra som kjem! Artikkelen omtalar "Følg drømmen, ikke strø...
07/10/2025

NRK belyser eit viktig tema, det trengs fleire yrkessjåførar i åra som kjem! Artikkelen omtalar "Følg drømmen, ikke strømmen", ei viktig kampanje for rekruttering til dette interessante yrket 🚛

Det er gledelig å sjå at andelen kvinner i lastebilyrket aukar, den var på 7% i 2024. To av kvinnene frå Yrkessjåførlinja i Kristiansund skal rett i læretid hos Volda Maskin, noko som fører til at vi har 20% kvinnelige lastebilsjåførar 👏 Og vi har plass til fleire 😁

Gjennom kampanjen «Følg drømmen ikke strømmen» prøver yrkessjåførfaget å rekruttere unge til å velge faget. Flere har latt seg friste.

På prosjektet Lerstad-Breivika feira vi med kake at omlegging av trafikken er gjennomført, og at VM er i rute med framdr...
12/09/2025

På prosjektet Lerstad-Breivika feira vi med kake at omlegging av trafikken er gjennomført, og at VM er i rute med framdrifta. Også at 1 million tonn sprengstein (+ jord og gråmasse) er opplasta og transportert ut frå prosjektet.
Til transporten har vi bl.a nytta oss av 2 stk El-semi som på eit år har rulla omlag 150000 km mellom Breivika/Lerstad til ulike deponi i Ålesund.
Vi vil takke alle medarbeidarar og involerte som på ein god måte har hjelpt oss å nå målet.
Den omfattande transporten har foregått utan uønska hendingar og klager frå publikum. Takk også til dei.
God helg til alle 😀

Det tek form etter eit år med mykje godt utført arbeid på Lerstad 💪🤩  Ser ut som alle finn vegen til og frå Ålesund ette...
11/09/2025

Det tek form etter eit år med mykje godt utført arbeid på Lerstad 💪🤩 Ser ut som alle finn vegen til og frå Ålesund etter omlegginga denne veka. 😊

No begynde det å "skape" seg på dette prosjektet, det vert eit flott resultat. 😊  God helg til alle sammen 🌞
29/08/2025

No begynde det å "skape" seg på dette prosjektet, det vert eit flott resultat. 😊 God helg til alle sammen 🌞

Takk for god hjelp og bistand Hella Maskin As! Maskinførerane våre er strålande fornøgde 😄
07/08/2025

Takk for god hjelp og bistand Hella Maskin As! Maskinførerane våre er strålande fornøgde 😄

Adresse

Furene 42
Volda
6105

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:00
Tirsdag 07:00 - 16:00
Onsdag 07:00 - 16:00
Torsdag 07:00 - 16:00
Fredag 07:00 - 16:00

Telefon

+4770055035

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda Maskin As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Volda Maskin As:

Del