Mulvik As

Mulvik As Sentralt plassert i Volda, Stryn, og Nordfjordeid igjennom samarbeid.

Mulvik er eit rådgivande ingeniørforetak som tilbyr tenester innanfor prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid, og taksering.

Vi er på messa Inspirasjonstryn i Stryn i helga🤩  Kom gjerne innom og ta ein prat om ditt neste prosjekt!🏡👩🏼‍💻✍🏼🪚Opnings...
06/03/2026

Vi er på messa Inspirasjonstryn i Stryn i helga🤩 Kom gjerne innom og ta ein prat om ditt neste prosjekt!🏡👩🏼‍💻✍🏼🪚

Opningstidene er fredag kl. 14-16 og laurdag kl. 11-16.

FAGLEG PÅFYLL PÅ SKADEKONFERANSEN 🏡🏚️Robin Urke, Ottar Magne Skare og Roger Ove Steinnes frå Mulvik AS er til stades på ...
13/02/2026

FAGLEG PÅFYLL PÅ SKADEKONFERANSEN 🏡🏚️

Robin Urke, Ottar Magne Skare og Roger Ove Steinnes frå Mulvik AS er til stades på Norsk takst Skadekonferanse i Oslo 12.-13. februar. Eit kjekt avbrekk i kvardagen for folka våre på skadetaksering!

Vi er medlem av Takstnett, og stiller derfor med folk som både bidreg under konferansen, og som får fagleg påfyll. Ottar hadde mellom anna føredrag om skadetaksering fredag😄👏🏼

Treng du hjelp til taksering? Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande og hyggeleg prat. Du kan lese meir om våre tenester innan taksering her👇🏼

https://www.mulvik.no/avdelingar/taksering/

☎️ 700 74 990
💻 [email protected]
Eller skriv til oss på Facebook👍🏼

For dei som ønskjer å lese meir om Norsk Takst Skadekonferanse, så finn de informasjon her: https://www.neak.no/kurs/norsk_takst_skadekonferanse/

11/02/2026

VI STYRKAR AVDELINGA VÅR I STRYN💪🏼⭐️

Sidan 2019 har vi drive avdeling i Stryn, med fokus på taksering. På grunn av auke i førespurnadar på prosjektering og byggesøknadar innan byggenæringa, satsar Mulvik no meir på avdelinga i Tonningsgata 27.

- Vi får fleire og fleire førespurnadar frå Stryneområdet, og ser at kundane gir oss meir og meir tillit. Med stryning og sivilingeniør Leif-Erik Flo Hoem i spissen på avdelinga vil vi vere den fyrste folk tenkjer på når dei skal utvikle ein eigedom eller eit område, seier dagleg leiar Bjørn Egil Espenakk og held fram:

- Leif-Erik er ein fagleg sterk person som ser løysingar i staden for utfordringar, og som bidreg med kompetanse innanfor byggesøknadar, og prosjektering av større bygg og næringsutvikling, held Espenakk fram.

STØRRE FAGMILJØ OG FLEIRE TILSETTE

- Folk får ofte ein ide om noko dei vil få til, anten det gjeld områdeutvikling eller utvikling av eigedom. Allereie i starten av denne prosessen vil Mulvik kome inn og bistå deg som søkjar inn mot kommunen. Vi kan bistå med planarbeid, søknadar, byggeteknikk, byggeleiing, taksering, infrastruktur og enda meir, seier Hoem.

Mulvik skal styrke avdelinga i Stryn med fleire fagtilsette, og skape eit større fagmiljø lokalisert i Stryn.

- Vi ser at det er god aktivitet, skaparkraft og gründerkultur i Stryn som er spesiell. Og vi ser at det er mange lokale aktørar som har eit ønskje om å utvikle eigedomane og landarealet, som vi ønskjer å tilby våre fagtenester til, legg Hoem til.

Mulvik er eit rådgivande ingeniørforetak som tilbyr tenester innanfor prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid, og taksering.
Sentralt plassert i Volda, Stryn, og Nordfjordeid igjennom samarbeid.

«Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er...
10/02/2026

«Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er færre prosjekt å springe etter. Hos Mulvik i Volda vel dei no å bruke «dødtida» til å rigge seg for neste oppsving», skriv Møre-Nytt i dette gode intervjuet med dagleg leiar Bjørn Egil.

Les gjerne!👇🏼



Sjekk ut den nye heimesida vår: https://www.mulvik.no/
Og ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat her på Facebook, e-post: [email protected] eller på telefon: 700 74 990😃

Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er færre prosjekt å springe etter. Hos Mulvik i Volda vel dei no å bruke «dødtida» til å rigge seg for neste oppsving.

MULVIK I NY DRAKT: - Vi skal vere meir synlege og konkurransedyktige ⭐️Vi har fått ny og moderne logo, eit nytt slagord,...
03/02/2026

MULVIK I NY DRAKT: - Vi skal vere meir synlege og konkurransedyktige ⭐️

Vi har fått ny og moderne logo, eit nytt slagord, ei ny heimeside og utvida kontoret vårt på Spinneriet Kjøpesenter i Volda, og ønskjer no å setje Mulvik på kartet enda tydelegare!

- Vi skal vere den første folk tenkjer på når dei skal utvikle ein eigedom eller eit område, seier dagleg leiar i Mulvik AS, Bjørn Egil Espenakk.

Med den nye profilen, ønskjer vi å gjere oss meir synlege blant befolkninga, vere lett attkjennande og samstundes vere meir konkurransedyktige opp mot andre aktørar i ein bransje der ein er mange om beinet.

- Vi har heile Noreg som marknad, men vi får stadig nye og fleire kundar utanfor vårt primære nedslagsfelt. Difor ser vi no vårt snitt til å utvide - i både breidda og lengda. For å kunne sikre nok aktivitet i marknaden, og sørgje for at alle beina vi har å stå på forblir stødige, meiner vi at dette er den riktige vegen å gå, seier Espenakk og held fram:

- Når folk tenkjer på Mulvik, tenkjer dei kanskje på at det er vi som driv med taksering. Det gjer vi også, og det er vi svært gode på! Men vi har også svært dyktige tilsette som også driv med planarbeid, prosjektering, byggeleiing, byggjesøknadar og brannteknikk, for å nemne noko.

Vi skal vere bindeleddet mellom søkjaren og den som tek imot søknaden.

- Samstundes skal Mulvik vere den beste hjelpepartnaren i desse prosessane. Når vi leverer, skal arbeidet vere skikkeleg. Og det er sluttproduktet som skal vere i fokus, ikkje timebruken. Det er eit kvalitetsteikn for oss, og vi tek ansvar for det vi leverer, seier Espenakk.

Vårt nye slagord er «Vår signatur, din garanti».

- Når vi set signaturen vår på eit arbeid, betyr det at vi står inne for fagleg kvalitet, grundige vurderingar og ryddige prosessar. Det er dette dokumentet vi tek betalt for, og ikkje for tida vi brukar på dokumentet. For kunden er dette ein garanti for at arbeidet er utført av fagfolk, vurderingane er etterprøvbare og uavhengige og at vi kan stå for konklusjonane våre i ettertid, seier Espenakk og held fram:

- Vi er dei same, gode folka i ei ny drakt. Og vi håper dette «ansiktsløftet» vil trekkje fleire dyktige fagfolk til å søkje seg til oss, og at kundegruppa veks i takt med skaparkrafta og gründerkulturen i området🤩



Følg oss gjerne på sosiale medium, og bli med på denne spennande utviklinga vi har i vente!🥳

Sjekk ut den splitter nye heimesida vår her: https://www.mulvik.no/
Og ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat her på Facebook, e-post: [email protected] eller på telefon: 700 74 990😃

Som stolt medlem i Takstnett deler vi gjerne gode tips😀
12/01/2026

Som stolt medlem i Takstnett deler vi gjerne gode tips😀

Når det blir skikkelig kaldt ute, kan vannrør fryse – særlig i kjeller, krypkjeller, garasje, yttervegger eller rom med lav temperatur. Frosne vannrør kan i verste fall sprekke, og når isen tiner kan det oppstå lekkasje og større vannskader 🧊🌨️

Les hvilke tips våre takstmenn i Takstnett har for å forebygge frosne vannrør 👇
https://www.takstnett.no/frosne-vannror-forstehjelpstips-her/

Det skjer mykje i Mulvik i 2026. Vi startar året med å søkje etter geomatikar. Er dette noko for deg nøl ikkje med å søk...
06/01/2026

Det skjer mykje i Mulvik i 2026. Vi startar året med å søkje etter geomatikar. Er dette noko for deg nøl ikkje med å søkje!!

https://www.mulvik.no/wp-content/uploads/2026/01/ledig-stilling-geomatikar.pdf

Sju av ti pepperkakehus har alvorlige feil og mangler, ifølge SINTEF. Dårlig prosjektledelse og utførelse, samt feil val...
05/12/2025

Sju av ti pepperkakehus har alvorlige feil og mangler, ifølge SINTEF. Dårlig prosjektledelse og utførelse, samt feil valg av byggematerialer ser ut til å være hovedårsaken. Vi i Mulvik ønsker alle en God førjulstid, med et godt råd på veien.

Sju av ti pepperkakehus har alvorlige feil og mangler, ifølge SINTEF. Dårlig prosjektledelse og utførelse, samt feil valg av byggematerialer ser ut til å være hovedårsaken.

Vi håpar på fleire dagar med sol og varme!  Mulvik AS har kompetanse til å levere løysingar som oppfyller regelverket og...
15/08/2025

Vi håpar på fleire dagar med sol og varme!
Mulvik AS har kompetanse til å levere løysingar som oppfyller regelverket og er rusta for framtida. Frå regulering til prosjektering – Vi hjelper deg heile vegen.

Likevel veit vi at kraftig nedbør og endra værmønster gir stadig større utfordringar med overvatn. Riktig handtering er viktig for å unngå skader på bygg, veg og natur – og det krev både kunnskap og erfaring.

Adresse

Holmen 7
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

70074990

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mulvik As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mulvik As:

Del